Kilde
Søgnir frå Hallingdal 3. utgåva
Utgjevne av J. E. Nielsen
Det Norske Samlaget
Oslo 1968

Villands-ætte

Um Myreguten

I fystningenn tå di åtjande hundre helt de te ain gild handelskar på Myro ova skogen, som va tå Uppsata ne'a skogen å aitte Ola Tollaivsson . Han handle gampa norda fjelle inn me sjøno å vart kalla Blank-Ola , fyre di han jabnan gikk me myki sylvglam på se, spennu å sylgju.

Ain vår, då han hadde sanke gampadn sine, kom de ai kjempe te hono nord i Sogndal å vilde give hono stryk ell kan hende drepa han. Myreguten varde se so godt, at han slo kjempa ihel. Han vart då tikin å drifte hass me.

Myreguten vart dømd te å bøte try tjue, å skriveren sa'e då ve tingborde:

«No sku me få sylgjudn or bringunn, å spennudn or skono hass Blank-Ola.»

Ola rak try tjue i sylvpe'ing på tingborde te skrivere, å spurde, kå myki ait nevaslag kosta?

«Tie dalar, min mann,» svare skrivaren.

Ola spurde då, um han måtte slå, keim han vilde, å då skriveren svare ja, svarpa Ola te hono, so han valt unde tingborde.

Derette skaut Myreguten se på golve å gjorde alt kast upp i flattake, å sa'e:

«Enno dansa han Blank-Ola me sylvsylgjo sine i bringunn å spenno i skono.»

Då Myreguten va komen haimatt me gampo sine, sat han på ain ainaste stain ovafyr støle Kløkk, som ligg ende ivi øvre Myro, å selde gampa, som han tente halvfjorde tjue på.

På søre Villand i Hovsreppe budde då ain mann, som aitte Elling. Eldste døtte hass aitte Ragnhild; ho va væn å so stor, at huvu på henne nådde over alle kvendfolk, når ho va ve kyrkja.

Då Myreguten hedde attvunne se so myki ve hestehandele sino, som han hedde sligi burt nord i Sogndal, kom han på dai vetsmunidn, at han vilde fraiste te fri te henne Ragnhild Villand. Dette gjorde han, å dai vorto gifte me korare, å han fekk me henne søre Villand. Me Myregute fekk ho Ragnhild fem bødn. fire guta å ai gjente, å desse aitte Tollaiv, Elling, Torkjell, Nils å Margit.

Myreguten doydde ette noko mange år, å Ragnhild gifte se are gongi me Ola Larsson Fossgarde å fekk me hono fire syni, som aitte Lars, Ola, Svaidn å Knut. Alle åtte synidn henna Ragnhild voro store å sterke kara å hestehandlara, å fora myki umkring. Tollaiv va den sterkaste, å ette hono Svaidn.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *