Kilde
Søgnir frå Hallingdal 3. utgåva
Utgjevne av J. E. Nielsen
Det Norske Samlaget
Oslo 1968
(Første utgave 1868)

Villands-ætte

Um Svaidn

Svaidn va den sterkaste tå brøro ette hono Tollaiv. Han va inki myki høg men svarvande væl vøxin, snjellføtt, væn i andlete å so sløngin, at han skulde orka sprungi i spranghopp me jamte fota full hest me tversa'l på flate fete å fyruta å snerte neåt.

Ola Tufto, Villandstuften, som han kallast, ba aigong han Svaidn bror sin te se i jolo som gjest. Han fagna han då væl fyst me øl å brennevin, men då Svaidn skulde åt borde å ha mat, hadde kjeringi åt Villandstufte lagt på ain tre-borddisk de snaue tå mula åt ain uxe å ain brøhaug attve. Delta gjorde ho på åsvaimo å i lagi me manne sino.

Svaidn åt væl 'ki stort, men gat inki, fyrr de lai ut på kvelden å øle hadde sini åt hono, då tok han te å tjå me bror sino fyr den jolefagningi, han fekk fram på borde fyr se um dagen. Ola sette då upp, å let so, at fagningi høvde ette kare.

Då dai hadde alkast um dette ait lite bil, graip Svaidn han Ola umkring barkakyla. Tuften tok te å ore, valt åt golve å skinrengde augo bak over se, so de va ljøtt te sjå, når berre de kvite viste i augo. Folki rende då på dai å skilde dai åt.

Då Tuften va komen se att noko, flaug han burt på veggen å tok ain drakonpistol, som va ladd, å vilde skjøte te bror sino. Dai føngo då skilt han ve pistolen, å mea dette sto på, nappast noko are me hono Svaidn i hina ro'nn.

Me desse skildest brøradn åt, å Svaidn forlet verdskape tå vraiski te bror sino, å sette te haimvegs me hug å skrik.

Svaidn va gift ne i Satareppe å sto se godt, men teslutte kom han i uheppe. De va ain sumar, at han å ain tå reppingo hass, som me vilde vera kjempe, hadde drukki se ølfull, å då vorto dai uvini. Svaidn vilde inki meta hin noko som kar, han berre tok han å la'e han viopen på golve.
Hin som låg unde drog kniven, å Svaidn ottast han vilde stinge. Då tok han båe armadn på hono, brette dai bakover på flate golve å skiide han ve kniven som han tok i si aigi hønd. Han maintest då hava skræmt han å sa'e de:

«Kå skulde e no gjera ve de, når e vilde meta de so myki,» å derme måta han kniven på arme åt hono som unde låg.

I di sama va de som den vonde skulde sligi te ølboga hass Svaidn; kniven gikk baint i livåre på hino i ølbogskriki, so han ihelbiødde se.

Svaidn vardt samstundes tikin å førd te Sundre te bror sino hono Torkjell, som då va lesmann. Der sat han ait hailt år, å alle tryå domadn avsa'e han ve live.

Maistermannen å knikten voro komne um kvelden, som Svaidn skulde rettast um morgonen.

Då maistermannen kom kjoyrand sunnate, sa'e lesmannen:

«Sjå de um skallin sit bain, når han kjoyre?»

Ja, svara folki, «han sit bain, sjå me.»

«Ja så d— krype i me, ska 'ki skallin sita på bror då,» sa'e han.

Torkjell hadde nok ve sine sløngi fått bror sin gjord ufre'ug i sta'en fyri å rettast. Han gikk åt arresten te bror sino å sa'e:

«No ska du få leva, bror!»

«No ha du vist vore ute å kjoyrt att, Torkjell,» sa'e Svaidn; «aldri bi e so rai'ug te dau'a mair, som e no e.»

Han vart lausletin å gikk rangla frelaus fyr folki åt dai, som åvtikin va. Men han hækte se framåt her å der te ættingo sine te å få se vevære å budde stundo uppi åso på stølo som ain ainbuar. Teslutte doydde han i ait eldhus på søre Mørk i Holssokne.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *