Kilde
Søgnir frå Hallingdal 3. utgåva
Utgjevne av J. E. Nielsen
Det Norske Samlaget
Oslo 1968


(Første utgave 1868)

Villands-ætte

Um Tollaiv

Tollaiv va tryå alni å två tumma høg å so væl vaksen som nokon kar kunna vera.

Me'a han va ung men komen te full kar, va han ai gong nord på ai sæter, som aite Rakkstaindalen, på rudna å gjerding.

Ain dag me'a han sat å kvilte se å tinde riva si, kom de ain ovstor jalkarfant te hono å sa'e:

«Her ser e ain stor lang fant; ska tru de e nokon dug i hono?»

Tollaiv svare:

«Å so myki dug e de vel, at e ska grai'e de, langgaglin!»

Å derme rende dai over ryggen på korare å te å brjøtast å skuslast att å fram på stølsvølle likesom uxar, so torveflettudn flugo fyr skohælo. Men teslutte fekk Tollaiv jalkarfanten på langape attende å so baklengis ut over ain briskje-uggard å baint unde på ryggen. Derme rangla jalkarfanten sin veg, å Tollaiv tok atte me sino.

Ain vet va Tollaiv på Kongsberg-martna'e å handla gampa. På martna'e va ait jalkarlag, å tå dai va de ai kjempe.

Tollaiv bytte gampa me kjempunn, å då dai hadde bytt, flidde kjempa hono ain klenre gamp en den, som han synte fram fyrr dai bytte. Då han Tollaiv inki vilde taka den låke gampen, flaug kjempa på han. Tollaiv tok då kjempa å svarpa ho te på al kjellarhurd, so ho brast inn.

Då far åt kjempunn såg de, kom han te dai å sa'e:

«Slepp sone mino, Tollaiv, du ska få att gampen din, då du e slik kar, at du tok son min, som ha vore frikar på sjau martna'a.»

Tollaiv å Ola halvbror hass ruko te å slåst aigong. Mor dairre gauv imyljo dai tå di, ho totte illt um han Ola, fyr di han Tollaiv ga hono stryk.

Ola fekk då smyte se inn i kleven å læst att hurde ette se, å ho Ragnhild sa'e då te Tollaiv:

«Vil du drepa bror din, so fær du fyst høgge te me; e ha kosta dikka bå'e två like dyrt, e ha sta'e på knjøno fyr dikka bå'e två.»

Tollaiv høgde øxe i hurde fyr å hebne sin harm, å skuvde mor si baklengis ne over stuguhella, so at mjærme henna gikk or le. Se'a gauv han på stykfar sin me, ette han hadde skuvt te mor sina.

Detta vart uppgivi fyr øvrehaitenn, å Tollaiv vart tikin å dømd på festningen si leveti.

Lesmannen som då skulde koma å taka han, va ain liten mann å hadde stor grysk tå hono. Han raiste då på granngarden Nerejorde, å der tøvra han å hadde fyribø te søre Villand, der Tollaiv budde, um kå han då stelte me ell tok se te. Hine sjau broradn hass Tollaiv voro i samlag me lesmanne å viste um, at han va komen der han va. Dai govo hono nys um, at han va haime, Tollaiv, å sat å skov kubba.

Lesmannen hækte se då tå Nerejorde te Villand å kom inn, å alle sjau kjempudn soto umkring huse.

Han Svaidn, som va nemmast Tollaiv i sterklaiki, sette se då tett neme hono å sa'e de uti være:

«E kan hjølpe de te skava lite.»

Fyrr Tollaiv viste orde tå, va Svaidn illsnøgg å svarpa te hono me kubba over uvle'en, so kniven flaug er høndenn på hono. Derme rende dai på han alle sjau som ain mann å drogo han unde åt golve, toko armadn hass å la'e på mjåryggen å bakbundo han me ait tog. So drog lesmannen han te Hamarsbøen, som ain vill uxe.

Då han hadde vore på festningen noko år, slepte kummedanten han laus haimatte, vel mest tå di, at han kunna bera se fint åt, når han 'ki va full ell rai; men fyrr han slapp, måtte han lava kummedante, at han skulde halde se kurr, når han kom haim, å stelle me garde sino. Han fekk då på se hjå kummedante ai gamal sylatermundering, å då han so ga se i haimveg, trudde folk, at han va ain haimatt forløva jivøren då, me'a han rampa upp igjøno bygdadn.

Då han va komen so langt upp i dalen som te Slabenki, som e ai kvilingstelle i Fløbygden, sat de der ait kortspelarlag å voro drukkin me.

Ain tå dessa, som va ai kjempe, va stupen å lok te å finne åt hono Tollaiv å kalla han ain jivørenslankar, væl fyre di han gikk i sylaterpløgg.

Denne kjempa sat då ovapå borde attåt veggi. Tollaiv gikk fram på golve å bau hono ain krokfing. Denne jålen hekta då i me hono, å me di same drog Tollaiv me dai aine høndenn både borde å kjempa attåt veggi, helt hono der å slait langefingen hailtupp tå hono å ut or hønden hass.

Solaise va han då rai'ug derifrå, me di han hadde so åtfare.

Se'a kom han inn på ai a'n kvilingstelle, som kallast Mortingsoddin, å der sat de rne ait kortspelarlag, som vore fulle, å spelte um brennevin. Tollaiv gikk på golve å skødde på dette.

Ain tå dai tok då te å fru han te å seta se i lagi å spele me. Han trauta lengi imot; men teslutte føngo dai bidda han te sete se ne te spela.

Men koss spole snudde se, so rauk han Tollaiv å han vart skuldig skillinga. So toko dai te åmaga på han, at han skulde ut me pe'ing, men då de galdt hølingi, hadde Tollaiv ingen pe'ing.

Dai toko då te lava hono illt, å ain fant skipa se te å vilde taka han. Tollaiv ga hono ain skump, som gjorde hin umhuga te å gå viare på, å derette draiv han alle hine ut or stugunn, so dai toko laupe upp i noko bergskortu tett ovafyre.

Tollaiv drakk upp brennevine, som sto att på borde, å so skipa han se att på vegen nord te ise på Bromunn.

Då han va komen ait stykki framette, skødde han se attende, å då fekk han sjå, at fantadn desse soto upp i fjellskorto å kaga framat me skallo å spronte ette hono, likesom gjaita når dai era ulv-elte. Men dai torde ki la de knuste ti se.

På Tufto i Kvisienn budde då Ola halvbror hass, som han trudde hadde voldt hono slaverie på. Då Tollaiv va komen so langt atte haimars som te Tufto, vilde han ly'e um hjå hono Ola lite.
Då han nådde fram i garden der, hadde han Ola nyle kjoyrt haim på nautetrokken, ain diger rå furustokk. Denne tok då Tollaiv å raiste på endin å sette han tett attåt fjøsmøna å so gikk han inn i stugu te bror sino å kjeringenn hass. Då vorto dai rædde, då dai sågo, at den agaloysa imot all von va komen laus atte.

Då han va komen inn å hadde siti ait bil, tok han te å bi grusele vanskipa tå se i talunn, men bror hass å kjeringi torde ki anna en å fikle å stelle gildt me hono me mat å drikke å hovere ord å i are måta, te han blidka se atte noko. Då han so hadde stelt å tolmo'a se lite, tok broren te å svalle um, at han nyle hadde handla te se ain ovgild gul hest, å denna vilde han då få syne hono Tollaiv.

Dai gingo difyr te hest-stalls å skødde hesten, å dai leto væl um han, kor staut han va i alle måta, Tollaiv me fyst-stundes, men sea tok han te å dailde på hesten å let um, at de nok inki va so mæt gamp likevæl.

Då han Ola hoyrde de, vilde han syne bror sino de store lasse, hesten nyle hadde drigi haim, å de va då den råfurustokken, som e nebnt ovafyr. Dai gingo ette di utatte or stalle, fyr å skei'a på denna stokken, men då dai komo ut, va han kvorven burt or garde.

Ola vart tå di raint forgrunig, kor han va åvboren, å derme sa'e han Tollaiv:

«Kanski de va denna vesle furupinnen, som e tok å raiste upp attåt fjøsmøna dino istad, då e kom i garden te de, bror.»

Me desse skildest han då ve bror sin.

På ait ting i Ål va Tollaiv i lag me mange are ovkjempu, å då vorto dai drukkin å toko te å espe se på korare.

I stugunn, der dai voro, va de ain uvyrdele stor kubbestol, som dai skoko me å hovo på, men ingin tå dai orka hevja han myki te vers frå golve.

Tollaiv kom då fram å ba hine, um dai vilde tukke på se vesalt, so vil e, sa'e han, giva stole dessa, — de grepa dikka so te me, — ai nevaglekse bak i karre. So graip han stolen i ai hond å kasta han han lukt i møningsåsen på stugunn.

Hine, som heldo stuken i lagi me hono, vorto rædde tå di gilde grepe han gjorde, å føngo slik ain ovnøgg i se, at de bar te dynns me dai, ikoll å uppatt å attelaups me haile hørgenn.

Tollaiv vart att aisemall innastokkis, denne gongi me, so som han stødt va vane ve, når han kom i fiengjand atte me ængor.

De yngste Villands-lage, halvbrøradn hass Tollaiv, hadde drust i ugynster me skotto ell Mehus-karo i Kvislenn, å dai govo på slåst som alleglupast me korare, jamt når dai komo ihop.

Asle Mehus va då komen i uheppe å sat hjå lesmanne. Asle va lågvaxin men ain nauferdig kar.

Ai kjempe i Fossgarde hadde brukt storkytu, um kor sterk han va, å dette va kome atfyr han Tollaiv å han vart grinin fyre desse kytu; men, som de e sagt ovafyr, han torde inki slåst sjøl, ette han va komen haimatte. Han raiste då te lesmanne å tok Asle Mehus me se or arresten, å so kjoyrde desse två te dai kjempunn som sagt e.

Då dai komo dit, va Fossgard-kjempa ill å storordig. Asle å kjempa komo då snart i baskarlag, å kjempa rauk fælt å fekk stryk, so ho vart liggjand att på golve.

Dai fylgde Asle Mehus ut, men då han kom i tune fekk han ølkvaisa, so ingin kunna styre han, å de heltst me hono fire fem kara fyr å få boygje han ne att i kjoyresleen hass Tollaiv.

Tollaiv hoyrde stuken, å skyna, at han laut ut te å stagge han Asle; men fyst hadde han hug te å vise, at han hadde armestål me sjøl. Han gikk burt åt langborde, so nådde veggjann' imyljo i stugunn, rak den aine armen unde midten på borde, hov de i vere, å tverslepte de attimot bordstolo, so stugu skotv.

So fyst gikk han ut te Asle å sa'e te hono:

«No fær du stelle de lite, Mehuskatten! å seta de ne i sle'en, no få me att te vegars haimatte.»

Ette dai ti'enn då Tollaiv hadde slutta me å slåst sjøl, va han ai gong i ait lag, å der kom son hass Ola, som aitte ette hono Blank-Ola, i flengjand me al a'n sterk kjempe. I desse takl gjekk de so imso, dai orka 'ki knuve korare.

Gamle Tollaiv vart då ral, gikk burt imyljo dai, å tok me ai hønd i kor å slait dai ifrå korare. Sonen sin sette han på dydne me desse ordo:

«De e best du går haimatt te mor dina å grauta de væl; du ser ut te å vera best skikka te de. Mea e va på din alder, let e me aldri piske.»

Den are sette han me hina høndenn mot veggi, so blo'e skvatt or kjaft å nase, å han saig ne i benken blaik som nåe.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *