Kilde
Søgnir frå Hallingdal 3. utgåva
Utgjevne av J. E. Nielsen
Det Norske Samlaget
Oslo 1968


(Første utgave 1868)

Villands-ætte

Um Torkjell

Torkjell va den klokaste tå alle åtte brøro. Han va lesmann ne'a skogen å sunna åsen, å kunna so myki, at han førde saki på tingi. Han va gild te byggje hus, å dai krota han sjal fint ut, som enno syne se på tingstugunn på Sundre, som e uppsett tå hono.

De e sagt um han at han inki kjempast ofto, kan hende fyre di, han vilde halde se på storvis. Men ve ait ting på Sundre ai gong va de ain æling, som vilde vera ovkjempe å som tok te å alke å tjå me hono Torkjell.

Han tok då teslutte vraiski te se å tok atte med hono i ordo fyst å sa'e te hono:

«Å vilde e royve me so myki, so vonast e ait godt barkahogg skulde gjera de»; å me di sama svarpa han te hono me kvasskante på hondenn baint på barkakyla, so at fanten fylgde neva på galden å låg å ora.

So sa'e Torkjell:

«No såg du de gikk som e sa'e de fyriåt.»

Den are hugast då inki urair.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *