Internt referansenummer:B-22.04.2013
Kilde:
FRÅ GAMAL TID – FOLKEMINNE FRÅ VERDAL
Av: Anton Røstad
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 25
OSLO (NORSK FOLKEMINNELAG)
1931
Klikk her for å lese «Fyreordet»

 

Villdyr og plantar – (Ymse smådyr)

«Lema’nn» (lemendet) segjer: «Æ bit, æ bit, æ bit, æ gnok gnok gnok gnok.» Det er lemendet som er lusa i skjorta åt vondemannen. Og der er det nøgda med uty. Det er når vonde-mannen rister skjorta si, det vert lemendår.

Det finst ikkje rotte på dei øvste fjellgardane. Det er eit gamalt ord som segjer at rotta går ikkje over Steinsbrua.

Når ein slær i hel ei flaggermus og smør blodet på augo sine, blir ein synsk.

Groa er eit trolldyr som hemnar seg. Det var til groe tussen skapte seg um, og det var grobein mannen brukte då han villa åt seg ho som vart kona hans.

Ølla kryp inn i folk og ynglar.

Frosken var menneske fyyr i tida. Men so fall han i unåde og vart umskapt. Det einaste minnet frosken no har frå den tida, er den sedvanen at to froskar «te-omkring» kvarandre liksom menneske.

 

Vi har gjort alt som står i vår makt for å komme i kontakt med etterkommere etter Anton Røstad uten hell. Hvis noen som leser dette føler at de kan komme med opplysninger slik at vi kan komme i kontakt med etterkommere etter Anton Røstad eller andre som påberoper seg opphavsrettighet til den omtalte boken setter vi stor pris på om dere tar kontakt med www.historier.no.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *