Internt referansenummer:B-22.04.2013
Kilde:
FRÅ GAMAL TID – FOLKEMINNE FRÅ VERDAL
Av: Anton Røstad
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 25
OSLO (NORSK FOLKEMINNELAG)
1931
Klikk her for å lese «Fyreordet»

 

Vred

(Livsmakter, sjukdom og åtgjersle…)

 

Når ein hadde forstuva ein fot, hjalp det å vri ei bjørkve rangsels og binda ikring.

Mot vridne ledar brukte dei tjøre eller brennevin. Tjøra måtte vera kve, d. e. varm og tunn nok. Fyrr dei smurde på leden, rørde dei i smurningen og las «vriola» (eller «vreilola» som det ogso vart sagt) over. Ein mann sa han hadde lese Fadervåret tri gonger og sputta tri gonger i smurningen.

Vridorda:

1.
Jesus over Galilea red,
hans fagre hest sig vred.
Han steg tå
og la sin hånd derpå
i namn Gud Fader, Søns og Helligånds.

2.
Jesus rei mot eit led,
so fekk hans unge fole vred.
Jesus stei tå og læste på
og låggå i le og lag som før det va,
bein mot bein og kjøt mot kjøt,
sena mot sena og blo mot blo.

 

Vi har gjort alt som står i vår makt for å komme i kontakt med etterkommere etter Anton Røstad uten hell. Hvis noen som leser dette føler at de kan komme med opplysninger slik at vi kan komme i kontakt med etterkommere etter Anton Røstad eller andre som påberoper seg opphavsrettighet til den omtalte boken setter vi stor pris på om dere tar kontakt med www.historier.no.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *