Internt referansenummer:B-22.04.2013
Kilde:
FRÅ GAMAL TID – FOLKEMINNE FRÅ VERDAL
Av: Anton Røstad
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 25
OSLO (NORSK FOLKEMINNELAG)
1931
Klikk her for å lese «Fyreordet»

Ymist

(Livsmakter, sjukdom og åtgjersle…)

 

Reinfan var medisin mot barneorm.

«Messevin» var god for innvendes sjukdomar. Dei gjekk då til kyrkjevergen og fekk lite grand av altervinen. Men vigsla til nattverdvin måtte han vera, elles var det ikkje noko gagn i ‘åm.

Ei vorte kann ein ta burt ved å ta ein fleskesvord og gni vorta med den. So legg ein fleskesvorden under ein stein og let han liggja der. Når han då er heilt roten, er ogso vorta burte.

Den som har vondt i føtene, skal vaska føtene tri torsdagskveldar på rad.

Var borna dårlege til å lesa på skulen, måtte dei lesa over minnebein. Då vart dei betre. Minnebeinet er eit lite bein, umlag 11/2 tume langt, som ligg i sauhovudet.

 

Vi har gjort alt som står i vår makt for å komme i kontakt med etterkommere etter Anton Røstad uten hell. Hvis noen som leser dette føler at de kan komme med opplysninger slik at vi kan komme i kontakt med etterkommere etter Anton Røstad eller andre som påberoper seg opphavsrettighet til den omtalte boken setter vi stor pris på om dere tar kontakt med www.historier.no.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *