Internt referansenummer:B-000019
Kilde:
I MANNS MINNE
GAMAL VALDRES-KULTUR III
Av: Knut Hermundstad
NORSK FOLKEMINNELAG
OSLO 1944
Klikk her for å lese ”Føreord”

Klikk her for å lese om Anne i Espelibrøta

I svartedauden

(Anne i Espelibrøta, or Muslerudsveen, hugsar mykje frå gamle dagar)

Bildet er kun et illustrasjonsbilde

I svartedauden vart det heilt utøydt her i Etnedale. Det levde berre att ei gjente i Nerre Espeli’n. Då folk kom til henne, sat ho med eit rjomespann i ei seng og åt.

Eg har høyrt at ein gut nordom fjellet hadde teke seg ein hest etter Svartedauden og ride austetter. Audt og tomt var det alle stader. Til slutt kom han til den bygdi som no heiter Biri. Der fekk ei gjente sjå han. Ho gav seg til å springe etter guten og ropte:

«Bi, du som ri!»

Bygdi vart etter dette kalla Biri.