Internt referansenummer: B – 12.04.2016
Kilde:
LIV OG LAGNAD
FOLKEMINNE FRÅ SØR-ODAL
Av:MAGNE ALTROM
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 48
OSLO (NORSK FOLKEMINNELAG)
1942
Prenta hos Johansen & Nielsen — Oslo.
Klikk her for å lese ”Føreord”

Johan Torsrud og Nils Flaen hogg tømmer…

Johan Torsrud og Nils Flaen hogg tømmer. Nils var så ivrig at’n ikke ville slutte om kvelden. Han hogg tørrgran og gjorde opp varme, så han skulle se å hogge. Da var det liksom han vart tekin og hivd på varmen. Men sia var det slutt på natthogginga.

Ein gong var ‘n Nils på tiurleik og hadde gjort opp varme og lagt seg og breitt over huguet. Det var så sant som’n levde! Han fekk høre felemusikk, og da han så opp, fekk han se ein heil flokk som dansa omkring varmen. Og spelmannen spelte. Det kom eit par bort til’n og gjorde fakter og tegn omtrent som de ville kaste’n på varmen. Men så var det noen are som bad for’n, da han var så redd. Da han fekk samla seg, tok’n skalinga (tok kuten).