Internt referansenummer: B – 12.04.2016
Kilde:
LIV OG LAGNAD
FOLKEMINNE FRÅ SØR-ODAL
Av:MAGNE ALTROM
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 48
OSLO (NORSK FOLKEMINNELAG)
1942
Prenta hos Johansen & Nielsen — Oslo.
Klikk her for å lese ”Føreord”

Kjerringskjæret

Sønnafor Skarnes låg det for noen år sia eit bergeskjær midt uti Glåma. Sjøl om elva vart nokså stor, stakk det opp utur vatnet. Så sier sagnet at det ein gong var ein gubbe på Snekkermoen — ein plass tett med elva på vestsida — som hadde så lei og amper ei kjerring. Dermed så tok ‘n a likså godt meg seg ein dag og rodde a ut til skjæret og sette a att der, og der fekk ho være til ho vart snill. Sia den dagen er det at det heiter Kjerringskjæret.

Nå er forresten skjæret nesten borte. Tømmeret sette seg berre fast på det i fløytinga, og eit året her tok de og minerte det bort. Det var så mye sjelden og rar stein der. Noen skein riktig som gull, andre var liksom erke. Det var kvite steiner der og heile kladder med kråksølv.

(Adolf Krybelsrud)

Del historien