Internt referansenummer:B-000017
Kilde:
BONDELIV – SAMRØDOR OG SONG ETTER RANGDI MOEN
GAMAL VALDRES-KULTUR II
Av: Knut Hermundstad
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 45
1940

 Kledevasking

Bildet er kun et illustrasjonsbilde

I gamle dagar gjekk dei vanleg frå ei veke til fjortan dagar med underkledi sine før dei fekk vaska dei. So var det i minsto der det var litt husskikk. Dagen før dei skulde vaske, la dei klædi i bløyt i kaldt vatn i ein lagga vaskestamp.

So laga dei seg lutevatn. Dei tok noko oske av bjørk eller og granved og slo på vatn. So kokte dei oska upp. Alt, både oska og vatnet dei hadde kokt ho i, auste dei no upp i ein ask og let det stå te det klårna. Den fine, klåre luti slo dei no i gryta att.

Klædi tvetta dei no i bløytevatnet saman med såpe, kokt tå feitt og klårlut av oske. So hadde dei klædi ned i gryta med klårluti og kokte dei der frå eit kvarter til ein halv time, so lortegrimone vart burte. Når klædi sokk ned i gryta, var dei kokte nok. So tok dei klædi upp og bar dei åt bekken eller åt brunnen. Her vart dei banka med denginyl, banketre har dei kalla det i seinare tid. No vart klædi skylde godt og hengde upp te turk. Dei freista greie seg sjølve utan å få utlegg i gamal tid. No er det å stå med skillingen i klypa kva ein skal gjera!

Oska som var att, når luti var kokt, kalla dei askrel. Dei måtte ikkje slå den ut, elles kunde dei brenne upp dei underjordiske. Heller ikkje noko anna varmt måtte dei slå ut so utan vidare. Dei laut i all fall beda dei usynlege flytja seg.