Internt referansenummer:B-000019
Kilde:
I MANNS MINNE
GAMAL VALDRES-KULTUR III
Av: Knut Hermundstad
NORSK FOLKEMINNELAG
OSLO 1944

Litt um slåttonn og lauving

Bildet er kun et illustrasjonsbilde.
(Hjå Andres Olson Grefsrud)

Slåmaskina kom i bruk her i Røn ikr. 1885. Det var gamle Knut i Høll’n som gjekk føre i dette. Han hadde lært kjenne slåmaskina på Frøknestad på Toten. Straks etter fekk Eivind Fossei seg slåmaskine. Men grannen hans, han Ola Fere, dreiv med 10-12 slåttekarar. So gjekk Føssei’n til honom og sa:

«Få de slåmaskine du me, kar! Slått’n e berre ein bagatell for me no.»

Men Ola Fere svara:

«E vil ‘kji ha slåmaskine me e è bonde. Men vil ‘n Endre, son min, ha, so kann han kjøpe ner han ska ta te.»

Soleis vart det ogso. Men Ola totte det var likare å få seg hesterive. So laga han ei, den fyrste hesteriva i bygdi. Den fyrste kjøpte hesteriva var det òg Knut i Høll’n som fekk seg ikr. 1880.

Det var i fjorde veka føre larsok dei laut ta til med slåtten.

Sist i mellonn var det i Røn i Slidre lauvveke. Då rispa og lauva dei i heimeliene. Det var best dette mellonnlauve, mest like gjævt som grjøn. Um hausten lauva dei i åsen, i heimstølskogane. Når dei lauva so seint, åt kyrne ogso kvisten.

Mange av dei gamle var so flinke til lauve. Alle kjervar var likt store. Og kvar einaste kjerv var so jamn i roti, mest som heile kjerven skulde vera rett avskoren.

So skar dei smårønne um hausten. Han var vaksen upp der det var køsarødt ved. Småkjervane av dette kalla dei tult. Um vinteren la dei tulten ned i logbaler. Det vart so gild log åt mjølkedyr. So la dei ein eller to tultar til kvar kyr. Dei åt då upp alt, både lauvet og stratten.

I Røn var det lage for ein mann å lauve 100 kjerv til dagen.

Dei som kunde lauve, tok alltid lauvingi på forsagt. Då kunde dei gjerne lauve 200 kjerv til dagen. Ein Føsse-Jakop gjorde mest ikkje anna alle sumrar enn lauve. I løn fekk lauvarane ei mark (for) 100 (kjerv), på eigen kost. Lauvkjervane sette dei på dei avhøgne stuvane til turk. Var det drivande turkever, stekte dei kjervane tim åtte dagar i lauvstakkar.

Mellom slåtten og skurden var det skraponn. Då fór bøndene på stølen og slo fintøpp og størr. Og so tok det møse (kvitmose, reinmose). Var det ikkje tid til gjera denne onni då, gjorde dei ho når dei hadde fått upp eplo (jordepli).

På Fere var det slik at mikjelsmessdagen var det slåttegraut for alle, både husmennene og sjølvefolki. Sume brukte slåttegraut når dei var ferdige med stølsslåtten. — So var det bufargraut når dei kom heim frå stølen med krøteri. Både slåttegrauten og bufargrauten var rjomegraut so feit dei kunde koke han.