Internt referansenummer: B – 12.04.2016
Kilde:
LIV OG LAGNAD
FOLKEMINNE FRÅ SØR-ODAL
Av:MAGNE ALTROM
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 48
OSLO (NORSK FOLKEMINNELAG)
1942
Prenta hos Johansen & Nielsen — Oslo.
Klikk her for å lese ”Føreord”

Merra så noe

For ein førretjuge år sia var jeg og ein til på Disi og kjørde planker frå saga ved Prestrudsetra. Ved Fålåknippa straks neda saga møtte vi to karer ein dag som skulle nedover. Vi spurde om det var folk på saga. Nei, sa de. Vi var de siste. Så fekk vi veta hå pass vi skulle ta planker og drog videre. Men da vi kom til saga, skal jeg sia deg merra vart galen. Ho bles i nasan og gikk bakover, det var ikke snakk om å holde a. Så fekk vi da knept tur, enda ho sto på bakbeina. Merra så noe, det er sikkert og ville ta beina fatt og fluge. Da vi fekk bøtti a, vart a roligere. Sia lesste vi og kjørde nedover, men så itno. Ei stund etter fekk vi høyre det tok til å smelle i plankene på saga, akkurat som når sjauera kasta av seg plankebøla -den eine ljømmen etter den andre. Det dreiv på lenge med ramlinga, og så suste det fælt. «Hå er detta?» sa jeg. «Det er tussen,» sa han som var med. Vi tala om det i Bekken. Ja, sa mannen der. Her må vi opp mange gonger om natta og jaga’n ta hoggestabben, skal vi få sova.