Kilde
FOLKELIV I SETESDAL
Av Svein Hovet
Rune Forlag
Trondheim 1969

Nattfriing

Bildet er kun et illustrasjonsbilde

Det var ingen i Setesdal som såg noko galt i den gamle skikken med nattfriing, trass i at prestar og andre innflyttarar tykte det var fæle ting som burde ryddast bort. Setesdølene sjølve rekna nattefriinga som noko av oppsedinga, det var så sjeldan ungdomen fekk høve til å møtast, at ein burde ikkje stenge alle vegar.

”De mog far’te og lære see dikko», sa dei.

Ungdomen laut ut og læra seg folkeskikk, då som nå, og nattefriinga gjekk meir sømeleg for seg enn prestane tenkte. Men prost Blom, som var prest i Valla i 1865-79, rasa fælt mot denne skikken, og bruka harde ord frå preikestolen sin. Ein gong tok han saka frami skulekommisjonen og ville få gjort eit vedtak om at skulelærarane skulle innprenta ungdomen kor farleg det var med slike samkomer i mørkret. Men då fekk han gamlekarane nokså samla mot seg, iallfall dei som hadde gifteferdige døtter.

«Du kan då vel skjøna det, Blom», sa den djervaste, «at folk ikkje kan fria skikkeleg i fuilt dasljos. Dei vert møykjerringar mesteparten av gjentone våre, dersom ikkje gutane fær fara ute,» fortel Torgeir
Bjørnaraa.

Så der kom nok presten ingen veg, alle var innstilt på dette at gutane laut ha lov til å «far ute». Det var ein heilt naudsynleg ting for at alt skulle ha ei naturleg utvikling. Men det laut vera laurdagskvelden
at dei reiste «av te jento», det sømde seg liksom ikkje å ta ut i slikt ærend ein annan kveld i veka.

Fredagskvelden må du kje kome,
eg er så redd at dei kunna sjå det.
Kom laurdagskvelden så er du snill,
då er belekvelden for kven som vil.

Men nå skal ingen tru at dei tok den breie ålmanvegen når dei skulle «far ute». Det var mykje om å gjera for friaren å koma usedd fram, difor tok han gjerne underlege løyndevegar gjennom skopar og ville
urder. Ingen måtte sjå han, alt skulle vera løyndom til den dagen dei to unge skulle gifta seg. Men om han kom usedd fram, så var verste taket att når han nådde huset der jenta budde, for der kunne vera ein
eller to andre friarar, og så vart det kan henda krangel og slagsmål. I slike høve var det styrken og neveretten som avgjorde utfallet.

Men om nå friaren var så heldig å vera åleine, såg det slett ikkje lyst ut når han ei snøtung vinternatt stod kulsa og fraus ved den stengde jentedøra, kviskra og bad om å få koma inn.

Du lisle jente, skrei du av loka,
no hev eg ropa til eg er trota.
Du lisle jente, slepp du meg inn,
det snjoar og drive på hatten min.

Det var likevel slett ikkje sikkert at døra opna seg, jamvel om jenta hadde høyrt bøna, og hadde ein tanke om kven friaren var, og ikkje hadde noko mot at han kom inn. Ho var kan henda redd at faren kunne
høyra det, og kom for å jaga friaren på dør, serleg om det var ein som ikkje han godkjende.

Men friaren gav seg ikkje, inn skulle han, og der var mange utvegar. Han kunne freista lirka døra av hengslene, om han då ikkje greidde å få opp sjølve låsen. Jenta låg til vanleg på loftet, og mest vanleg var
det nok å finna seg ein stige og klatra opp i loftsglaset og krypa inn der — om då jenta ville opna glaset. Men tyktest alle vegar stengt, kunne friaren gå så drastisk til verks at han «vog ut gauken», det vil
seia at han tok ut dei øvste stokkane i mønet! Han trong truleg ein hjelpesmann til dette, og sers vanskeleg måtte det vera å utføra eit slikt arbeid, utan at husbonden høyrde det.

Elles var ikkje så lite av friinga knytt til stølslivet, som rimeleg kan vera, for der inne i fjellet var det eit greitt høve til å få tala med jenta på tomannshand, utan at nokon andre trong vera vitne til det. Ofte var det berre eit par unge jenter i lag der, og laurdagskvelden pynta dei opp i stølsbua så godt dei kunne, for då venta dei gjerne gutar til fjells. Gjennorn heile veka hadde dei gått og gledd seg til laurdagskvelden, då kom kan hende den dei alltid lengta etter.

Jamvel ein laurdagskveld med regn og ruskever sat ho der og venta at han kom.

Om der er uveir og vind og væte,
fysst han hev lova eg veit han kjeme,
om regnet driv i mot hei og sel,
så veit eg guten kjem likevel.

Var det ein kar som hadde alvorlege tankar med fjellferda, reiste han helst åleine, og tok gjerne vegar der han var viss om at han ikkje møtte nokon. Men det kunne bg henda at heile flokkar med ungdom drog
til fjells, då helst for å ha dans og moro. Den som kom til fjells, vart mottatt med det beste stølsjentene hadde å by på, og om dei ikkje alltid hadde så stort matlager, så hadde dei iallfall rikeleg med søt mjølk, og då kan ein laga mykje godt.

Men friinga var sjølsagt den same anten det gjekk for seg i fjeillet eller heime i bygda. Men natta måtte ein ha om ein skulle fri «skikkeleg», det var ikkje råd med slikt på blanke dagen! Før i tida
var det ikkje slik at dei unge sjøl fekk avgjera kven dei skulle gifta seg med, men foreldra, og det førde sjølsagt til mange ulykkelege ekteskap.

Mykje morosamt kunne henda under del nattlege friarferder – det hender så mangt i mørkret. Det kunne henda at friaren kom til feil jente – ja, han kunne vera så uheldig at han famla seg fram til mor til den jenta han tenkte på, og då kan ein tenke seg til at han fann tilbake til døra fort! Eller stigen kunne bresta, eller han ramla ned og hamna i ein vaskestamp eller slikt! Jau, så mangt kunne hende, og mykje kunne folk få til om friaren var så ung at han ikkje hadde skikkeleg skjegg, eller han var så gamal at han hadde for mykje skjegg. Men giftarmål mellom ein gammal og ei ung, var der noko vemodig ved.

Snjoen felle på høgheian,
i dalen fell han tung,
dei kan so ille i saman koma,
ein gammal og so ei ung.

Nå hende det ikkje så sjeldan før i tida at friaren hadde med seg belegut, det vil seia at han hadde med seg ein kar som var flink til å snakke, og han skulle bera fram ærendet for den verkelege friaren. Det
vanta ikkje store ord i slike høve, og sers viktig var det at friaren hadde mange kyr på båsen, slikt vog tungt den gong. Men så kunne det henda at beleguten likte jenta så godt sjølv, at han fridde for eiga
rekning, og så kunne det blir opp i blodig slagsmål til slutt mellom han og friaren.

Nattfriinga har vel ikkje gått heilt under med utviklinga, det har berre blitt nye former, og laurdagskvelden er vel framleis den store friarkvelden. Ein gong i tida hadde jentene romet sitt på fjøestrevet om vinteren, og der fekk dei vitjing av gutane om laurdagskvelden. Det var her mange mørkemenn såg årsaka til det som dei kalla «moralsk forfall». Men samtida hadde uskrivne lover for slike  fjøstrev-vitjingar, og det heile gjekk meir fint og sømeleg for seg enn vi tenker oss i dag. Etter at jenta fekk sitt rom på loftet, kom gutane etter der og, så det vart vel ikkje så stor skilnad. Og i staden for å reisa til støls, reiser ungdomen i dag på hyttetur, det blir vel ikkje så stor skilnad det heller. Ungdomen vil møtast, og plassen har vel ikkje så mykje å seia, det som det spørst om er kvaliteten i ungdomen
sjøl.