Kilde:
Namdal Historielag (link til hjemmeside)
Årbok for Namdalen 1977 side 104
Skriftstyrar: Kolbjørn Gåsvær
Ved HR.
(Gjenfortalt etter Johannes Dahl 1976)

Nicht mehr mark!

Hjalmar Juul var tysk konsul i Namsos i 1890-åra til han flytta til Sverige i 1908.

Han dreiv og med å kjøpa gode elgvald, som han så selde til tyske storviltjegera og skaffa deim gode jaktlosar, som kunne vera i hans teneste år etter år.

Juul var ein jovial mann og vart svært populær hos mange av jaktlosane. Da han skulle slutta heldt han ein avskillsfest for desse i Grong, og den eine etter den andre skrytte av kor grei han hadde vore. Tor Kolås var og enig i det, men han sa:

–    ”Det va ein gong eig vart forbainna på Dokk, og det va dein gongjen Dokk seintj på meig ein tysk greve me frue tre daga ferri jakten skoill bynj, og me grein om at eig mått prøv finj på nokko å beskjeftig dem me så leng. Eig spekulerte på deder og fainj ut at det måt bi fesje tå eitj eller anna slag, og at det da heilst mått bi markfesje. Men det va itj så greitj. Sjøl ha dem itj noko feskutstyr og markfesje ha dem sjølsakt ailler verri borti. Best å spør dem tenkt eig. Jau da, dem ville da prøv deder markfesje. På butikken ha dem itj anna enj bambustrøå, bomuldstaum og markongla. Eig rusta da ut oss med deder, grov mark og så bar det iveig åt eitj vatn i nerheiten. Det tok no ei tid å ler dem å tre på mark og å sløng utpå, særli måt teig ta meig ti med fruån, som slett ikj koin lik markjen. Men teslut trudj a at a skoil klar det, og fekk ein nava mark i bokslomma. Ho ha almindelig karfolkboks på seig. Før ha eig ailler sjett kvinjfolk i mainfolkbokså anna einj når dem skoil ha fer seg eitj eller anna ruffi arbe, fjøsvask å slekt. Det va praktisk da som i det telfelle her. Ja så gjekk eig sånn e hoinner meter lenger bort og skoil fesk fer meig sjøl, fer eig tenkt, det koin vara lælli å få noko feska å steik åt dem, eig ha inga tru på at dem fekk noko sjøl. Eig ha itj setti leng før eig håld eit frøkteli skrik frå deder kvinfolkje, og eig tenkt med ein gong på bjønn, elgoksi eller noko slekt og la i sprangje bortover. Da eig kom dit lå a på markjen, skreik og vrei seig og prøvd få tå seig boksa. Eig hjålten tå med boksån og det som va poinni og. DA fekk eig sjå ka det va ho ha kauka fer. De ha verri hål i bokslommån, sjerru, og det låg ongelmark og dro seig på berre skjinnje. Eig hjålt’n å plukk mark på tysk territorium te de va renska fer invasjonstropper, og da vart ho meir roleg og fekk på seig klean igjen. Men da det va gjort sa a: ”Nicht mehr Mark! Nimmer!”

Del historien