Internt referansenummer:B-000017
Kilde:
BONDELIV – SAMRØDOR OG SONG ETTER RANGDI MOEN
GAMAL VALDRES-KULTUR II
Av: Knut Hermundstad
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 45
1940

 

Ølbryggjing

NB! BILDET ER KUN ET ILLUSTRASJONSBILDE!

For ei 50-60 år sidan brukte dei godt maltøl på mest alle gardar og plassar i Aurdal. Det var fast takst å bryggje te jol og te slåtten og elles når det var brudlaup, likferd og andre høgtider. Men ølet var aldri so styrkt at det var brukt te fyll. Det var mykje strev med å få te øl. Fyrst laut det te malt. Det aller beste og tyngste kornet kalla dei låverand. Dette gøymde dei te å laga malt tå. Dei tok no so mange settung av dette kornet som dei vilde ha malt te. So fyllte dei det i ei bryggjestette og slo på kaldt vatn te det stod vel over. Kornet stod no slik i åtte dagar. Dette kalla dei å melte på. Vatnet tappa dei no tå kornet. Dette kalla dei støypeløg. Dei måtte ikkje gje han te krøteri. Dei tappa han ned på jordi. Når vatnet var vel tå, tømde dei kornet upp i ein karm. Denne sette dei varmt te på eit par stolar ved peisen. Her stod no karmen te kornet grodde saman te ei torve. So tok dei bete for bete av denne korntorva og gnudde han i stykke. Kornet måtte ikkje stå so lenge i karmen at det ålspratt, te sjølve groen kom. So hadde dei det grodde kornet på ein badstovehjell. Turkingi av kornet te malt var ei stor kunst, men dette har eg ikkje nokor greie på.

No mol dei kornet te malt. Det laut vera dugeleg grovmale. No kunde bryggjingi ta te. Maltet vart då tømt i ein butt. So vart det slege på kokande vatn, eit spann um senn. For kvar påfylling vart det rørt godt i maltet, so det vart vel gjenombløytt. Dei rørde i det med maiskeår’n. Dette kalla dei å maiske på.

Alt vart no aust upp i ein kjel og kokt med dei stadig rørde i det. So laga dei te røstin i røstebytta. Ho hadde tapp nede ved loggi. Dei la fyrst ein sellar (silhår) attfor tappen. Hadde dei ikkje sellar, tok dei noko fin halm og la for tappholet. So kokte dei briskelog, gjerne med noko older i. Logen vart då brunare og finare på let. Dette kalla dei lagaløg.

I røstebytta la dei no fyrst på botnen eit lag med oldertre. Over desse la dei so tvo granskior i kross. Uppå dette vart det no lagt eit lag med halm. Midt uppå dette att la dei ein stein, so ikkje undegjerdi skulde flyte upp. No vart maiskingi som var uppkokt, aust ned på røstebytta. Um ei stund vreid dei varsamt upp tappen og sette ei liti stikke innmed han, so det so vidt rann or røstebytta og ned i eit kar som var sett under tappen. Etterkvart det rann or bytta, fyllte dei attpå med kokande lagalog, so maiskingi ikkje vart turr ovanpå. Slik heldi me på te all makti var burte or maisken.

Det fyrste som rann or røstebytta, var sterkaste vyrtet. Sume kokte litt sirup av dette. Det siste vyrtet som kom, var veikast. Det vart kalla spesel.

Vyrtet kokte me no upp saman med noko humle, som me hadde i ein pose. So skulde vyrtet setjast ved når det var passe kaldt, me skulde ha gjær i det. Me prøvde oss fram um det var høveleg kaldt. Me tende eit ljos og drøypte ned på vyrtet ei tvo-tre dropar talg. Dersom dei då storkna litt på, var vyrtet passe kaldt te å setja ved. Vart det sett ved for varmt, kasta ølet seg. Det vart kvitvore og surt.

Når ølet hadde gått so lenge at gangen tok te å falle ned, var det gange nok. No hadde me ølet på tunna, skoko upp, som me kalla det. Her let me det gå uppatt. So tetta me spunset.

Kom nokon inn med ein bryggja, fekk han alltid smaka vyrtet. Han skulde då takke og taka ved.