Internt referansenummer: B – 12.04.2016
Kilde:
LIV OG LAGNAD
FOLKEMINNE FRÅ SØR-ODAL
Av:MAGNE ALTROM
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 48
OSLO (NORSK FOLKEMINNELAG)
1942
Prenta hos Johansen & Nielsen — Oslo.
Klikk her for å lese ”Føreord”

Pålsrud’n var på fugl-leik på Skalberget

 

Pålsrud’n var på fugl-leik på Skalberget synna Ormhaugen. Han gjorde seg opp varme og la seg. Om ei stund kjente han at det var ein som liksom skubba til ‘n for å få rom sjøl ved varmen. Men Pålsrud’n så ingen og brydde seg ikke om å flytta på seg. Men sia kunne han ikke bruke alminnelige klær, berre som ein slags kjole over akslene, for han var vortin liksom så sår i kroppen og talde ikke klær innpå seg. (Oml. 100 år sia.)

Ein annen ein var ein gong ved Høljulen og fiska (Lars Stomperud). Han au merkte at ein kom og liksom ville skubbe’n på si. Men han hadde hørt om Pålsrud’n og flytta seg, og han fekk ligge i fred og fekk itno mein etter det. Men dagen etter fekk’n grovt med fisk.