Internt referansenummer: B – 12.04.2016
Kilde:
LIV OG LAGNAD
FOLKEMINNE FRÅ SØR-ODAL
Av:MAGNE ALTROM
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 48
OSLO (NORSK FOLKEMINNELAG)
1942
Prenta hos Johansen & Nielsen — Oslo.
Klikk her for å lese ”Føreord”

Røver-Erik

Han bodde i Røysbråtålia i Eidskog og var ein sterk brann. Kjerringa hans daua på barseng der; men Erik tok geita og batt a på ein krakk og la ungen inntil, så han fekk suge.

Erik var ein slags handverker, han laga lær og skinnfeller. Ein gong hadde han vori nedi bygda og solt og levert varer og fått seg tak i ein heil sekk rug. Den bar han så til Buholtet og spurde om å få mala den der. Ja, sa mannen, men han hadde kvernsteinen nede og ute for å stelle på den. Når han berre fekk steinen på att, skulle det bli råd med maling. Erik rusla da etter mannen for å se på steinen. Den var stor: og fælande tung, så mannen trudde han måtte bygge opp ei slags bru for å få den på plass att. Erik undres på om troppa var sterk. Jo, sa mannen, den er så godt som ny. Da tok Erik steinen, velta den på kant, kjekte fingra inn i auget på ‘n og letta ‘n opp. Sia drog han ratt inn på kverna med steinen og la ‘n på plass. Mannen sto att og glåmde.

Men Erik både røvde og stal når han fekk tak til det. Det gikk da ikke likere enn at han vart jaga frå Røysbråtålia. Da slog han jeg ned på Tjuvholmen i Storbørjasjøen. Der hadde han eit digert innhola tre. Det var liksom matbua, og der hang det kjepper med både kjøtt og fisk. Men med stelinga vart det verre og verre. Ei natt tok han ei kvige i sommarsfjøset på Sigernes og f6r heimetter til Tjuvholmen med a. Om mårån da de sakna kviga, tenkte de straks på Erik. De fann fæla og sette etter på sporet. For å vinne tid, skaut de geinveger; for de visste hå pass de skulle leite etter han nå. Ved dammen over Børjåa nådde de endelig innpå, så Erik måtte sleppe kviga for å komma seg unna. Han flaug i eika si (den var laga av ein uthola trestamme), og kom seg over til holmen sin. Dit torde de ikke sette etter, enda de var tolv mann sterke.

(Hjalmar Vestaberg)