Internt referansenummer: B – 12.04.2016
Kilde:
LIV OG LAGNAD
FOLKEMINNE FRÅ SØR-ODAL
Av:MAGNE ALTROM
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 48
OSLO (NORSK FOLKEMINNELAG)
1942
Prenta hos Johansen & Nielsen — Oslo.
Klikk her for å lese ”Føreord”

Skreia, ein heil drøss med små mark…

Skreia er namnet på ein heil drøss med små mark, som krek bortetter som eit tett band. De enkelte marka er ikke lenger enn som ein nagl. Huguet er svart og kroppen noe ljusere. Det er sjelden ein kan råke til å få se marken slik på vandring. Mange har sett den berre ein gong i sitt liv, og mange har aldri sett den. – Somme sier at får du se skreia på ein korsveg, så skal det gå deg vel. Jeg så a ein gong i Breidalen, sa Jørgen K. Det var enda der som vegen tek av til Jerstadkverna. – Jeg spurde om det ikke hadde gått ‘n vel au; men da rista han på nakken og svara:
«Je tiss itle det.»

(Jørg. Krybelsrud o. a.)