Internt referansenummer: B – 12.04.2016
Kilde:
LIV OG LAGNAD
FOLKEMINNE FRÅ SØR-ODAL
Av:MAGNE ALTROM
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 48
OSLO (NORSK FOLKEMINNELAG)
1942
Prenta hos Johansen & Nielsen — Oslo.
Klikk her for å lese ”Føreord”

Skrømt – (Best det var kom eit kvinnfolk mot dem)

For noen år sia var to karer på veg heim att ein vinterkveld. De kom frå auksjon og skulle forbi ein gard der det låg lik. Det var månljust. Best det var kom eit kvinnfolk mot dem. Kara tvæla lite og stane, og da gjorde kvinnfolket like dan. Men så snart de tok til å gå att, gjorde ho samme leis. Kara tykte no lite om detta, de stante og gikk av om og til, og skikkelsen gjorde som de. Snart var det berre ein tjuge meter mellom de, og de så tydelig at skikkelsen sto og vrei på seg. Det var nysnø og kaldt, så det gnerk under skoa; men enda gikk detta kvinnfolket heilt lydlaust. Med eitt var ho borte. Kara leitte om de skulle finne noe far etter a, men de var ikke kar om å se noe, enda så ljust det var. Med eitt vart de var kvinnfolket bak seg. «I Jøssu namn,» sa den eine, og bleike vart de båe to. Dermed så tok de palinga og så seg ikke til bars.