Internt referansenummer: B – 12.04.2016
Kilde:
LIV OG LAGNAD
FOLKEMINNE FRÅ SØR-ODAL
Av:MAGNE ALTROM
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 48
OSLO (NORSK FOLKEMINNELAG)
1942
Prenta hos Johansen & Nielsen — Oslo.
Klikk her for å lese ”Føreord”

Svarttjernet

Oppi skogen ikke så langt ova Osvika ligger eit lite trollsk tjern som kalles Svarttjernet. Somme kaller det forresten Båntjernet. Mot vest er det bratte hamrar, og folk sier at tjernet er botnlaust. Uhugalt og avgløymt er det oppmed her. På ein stad skal det liksom ligge opplagt to steiner med ein tredje over. Bakeromnen heiter det. Gjør ein opp varme inne mellom de steina, så slær røyken ut att langt oppi berget. I bekken nedover frå tjernet skal det væra funni gull. — Til Svarttjernet kunne ein gå i førtida og lære trollkunster. Ein de kalte Topper’n ville prøve det. Han tok med seg ein grår sau, for det måtte til, og tre torsdagskvelder på rad måtte han væra der. Men alt fysste gongen fekk Topper’n nok. Han fekk se ein gresselig stor hund og anna stygt. Da slepte’n sauen og sette nedover att. Sauen føre og han etter.

Del historien