Internt referansenummer: 01.10.2010-A

Kilde:
GJØMT, MEN IKKJE GLEMT- DET HENDE I EI TRØNDERBYGD
Av:
Sturla Brørs
Utgjeve og prenta av:
Rune Forlag, Trondheim 1980
ISBN 523-0230-0

15-åring på skogsarbeid

(NB! Bildet er kun et illustrasjonsbilde)

Haakon Holien, som vart lensmann i bygda og levde til han var 98 år gammal, har fortalt dette frå han var 14-15 år gammal:

Om vinteren var eg i full tømmerkjøring i Kolstadfjellet saman med far og farbror Iver. Vinteren 1893-94 var ein hard vinter, mykje snø og kaldt. Vi budde i ei sommarstue på Kolstad, der var det så kaldt at skinnfellen dei verste nettene fraus fast i veggen. Vi køyrde ut tidleg, og til mat for dagen smurde vi på 3-4 potetkaker, som vi tulla inn i eit tørkle og batt fast i bukselinninga bak på ryggen under yttertrøya. Det var så lang veg at vi køyrde berre 2 lass om dag. Når hestane fekk kvile og eta litt etter første turen, måtte vi moka snø, så hestane kunne koma seg fram. Det var ikkje snakk om kaffe. Potetkakene gnog vi i oss med vi sat på tømmerlassa. Dei var til dels som is å sitte på. — Det var eit hardt liv for ein 15-åring.

Men det vart ein sterk kar av han.

Med tida vart han «gammellensmannen». Og han går det mange forteljingar om.

Readers comments

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *