Kilde:
FOLKEMINNE FRÅ YTRE SENJA
Arthur Brox
Illustrert av Karl Erik Harr
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER 117
UNIVERSITETSFORLAGET 1976
ISBN 82-00-27130-7

17. mai i Torsken

«Det var vanleg med 17.-maitog i Torsken skolekrins så lenge eg kan minnes. Dei vaksne var alltid med i toget. Var ikkje vegen fri for snø til dagen, så måka vi ungan' han min. Han klokkar Dahl og gammelklokkaren, han Ofstad, gjekk fremst i toget og spelte på fele. Klokkarmadammen, ho fru Dahl, heldt ofte festtalen.»
(Torgeir Hveding)

«17.-maitog tok han far til med, og det var årvisst så lenge han levde. Eg minnes at vi gjekk under det reine norske flagget. Det var berre handelsmannen som brukte det med unionsmerke i. Barna stilte opp ved skolen, og så kom dei vaksne med. Far gjekk i brodden og spelte fele, og alle song. Eg minnes og at han gamle Markus i Bukta gjekk med eit lite reint flagg i armlykkja og song.

Men det var også ein demonstrant i fiskeværet! Han hadde kledd seg i dei verste fillene han åtte, sette sagstolen midt på vegen og saga ved, så toget måtte ut i vegkanten for å komme forbi.

I 1897 samla toget seg inne på Haugen, og doktoren, han Hansteen, heldt talen. Øyra mine var små den gongen, men samla likevel opp eit og anna:

«Og så, godt folk, ikke bare norske gutter og norske piger, men også Torske gutter og Torske piger går i tog i dag», minnes eg at dokteren sa.

Seinare samla toget seg alltid ved skolen, og far min, men oftast ho mor, heldt talen. Far hadde bora to-tre hol i ein bergnakke på Værneset, og 17. mai saluterte han frå klokka fem om morran,» fortel klokkarsonen, Fridtjov Dahl.

I de tilfeller at det ikke er noen stedsangivelse i historiene, legger vi ut historiene i alle kommunene som dekker Senja, det vil si: Berg, Torsken, Tranøy og Lenvik.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *