Kilde
Storflåmen 1938
og andre minner frå
Vågå, Bræbygden og Heidal
Jørgen Espelund

Klikk her for å lese firiordet i boka

Dølaringen Boklag 1988
ISBN 82-90072-34-1
Historien gjengitt etter spesialavtale med
Jørgen Espelund.

 

1908. Storflåm, og brannen på Ellingsbø

Flåmen i 1908 va i august ein gong. At elvé va stor, er sikkert. John P. Slette va på lag 24 år den gongen, og ein tå di fåe som ha fotoapparat her i bygden. Han tok eit bilede frå uppå Grindåkré, sø og upp frå garde på Slette. Han ha snudd seg nord og utover, og det ser da ut som ein stor sjø over heile Slettøyin og Horgjeøyé.

Far min va 17 år da, og arbeidde på Slette. To store låver stod nordfor førådsbygningen der den gongen. Han stod da og fiska heilt innåt døm, er det fortalt.

Bråtån, den lange murforbygningjé langs Horgjeøyn, va ikkje kome der enda. Det va ein bråtå, som døm sa, tå grånstammo og stein. Denne vart sopt burt.

Han Petter J. Bilben kom med hest og kjerre frå Mugsærtrom. Vatnet gjekk uppondé kjerrekarmen i veigjé der bedehuset nå står. Dermed veit ein at elvé slo seg hardt på solsidelandet.

Bråtån vart bygt i årom etterpå. Skrå mur på båe sidor, og murkrone tå kjempestore hellesteiner. Eit praktarbeid, som for størstedelen vart øydelagt i storflåmen 30 år seinare.

Han vart uppattbygt, men ikkje så fin som den fyrste. Sterkare er han nok likevel, og bra er det. Um ikkje Bråtån ha vore der, ville det kanskje vore elvefar der det nå er mange hus.

Mange har sagt at Sjoé kanskje va større i 1908 enn ho va i 1938.

Elvefaret kunne vel vera anslein, men i 1908 gjekk ho heilt uppi hågån ved stugu på Rønningen. Fyrustugu, som stod utpå elvebakka synnafor Storøygardsbrue, va heilt umflødd. Ragnhild f. Øyen øvre og Ola Storødegård, seinare Lillebrenden, budde der da. Ragnhild og den vetle dotteré Anna, va einsleg heime. Døm kom seg ikkje ut, og folk fekk sjå ho Ragnhild gjekk ut og inn med vetlejenta på armen, og visste ikkje si arme råd. Båt fanst ikkje, så det einaste måtte vore å fått i hop ein flåtå tå eitt eller anna.

Johan Rønningen sette pinner i jordé, fløtte døm, og følgde med i situasjonen. Heldigvis tok elvé umsider te å minke att, og Anna og Ragnhild va berga. Anna va ikkje så stor at ho kom i hog dette, men mor henna fortalde nok ofte um det sia.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *