Kilde
Storflåmen 1938
og andre minner frå
Vågå, Bræbygden og Heidal
Jørgen Espelund

Klikk her for å lese firiordet i boka

Dølaringen Boklag 1988
ISBN 82-90072-34-1
Historien gjengitt etter spesialavtale med
Jørgen Espelund.

 

1912. Molteåret. Titanic

Alt meda eg gjekk i folkeskula, fekk eg høyre om Titanic, som sokk ved
Ny Foundland i april 1912. Det legendariske skipet som ingen ha sett
maken åt, og som ingen trudde kunne søkkje. Det gjorde det likevel,
etter å ha støytt på eit isfjell. Denne tragedia, der 1500 menneskjo
miste livet, var mykje umtålå blant folk i by og bygd.

Det va nå likevel ei fjern histori. Mykje meir nært og heimkjent va någå anna: 1912 va Molteåret, med stor M.

Kå som gjer at molta slær til, veit vel ingen. Grunnen må da vera lagt
året før, skulle ein tru. Så må alt klaffe. Ho- og hannblommer må koma
samtidigt, og været må vera godt heilt frå blommin sprett og te molta
er moden. Det ha vore sagt at det er sju år i gjennomsnitt millom
brukbare molteår.

I 1912 måtte alle gode makter ha gått i hop. Det va molte over alle
myrer, så sant det fanst moltegras. Ei som kom i hog dette, va ho
Barbro Bilben f. Ellingsbø i Vålbu.

– «Någå slikt ha eg aldri sett før, og ikkje fær eg vel sjå det hell,» sa ho. «Det va molte like innte ved vasstroe her.»

Mykje vart nok plukka, men mykje vart sikkert attståande au. Den gongen
vanta det råd te å kjøpe sukker sjå folk flest. Ein an ting va au å
frakte ho. Molta er tong å bera lange veigjer. Det skulle vorte valfart
i våre dågå, med bilveig over alle fjell.

Helst er det vel ikkje slik laga at oss menneskjo kan få både i påså og
sekk. Molteår er det da sjeldnare og sjeldnare, ser det ut te.

Ein eldre kar frå Skogbygden ha i alle fall fått nok molte i 1912.

Han va med eit følgje som skulle sjå etter molte uti Ringbufjellé eit
år. Det va berre dårleg å finne. Um det ha vore bra, så va ho plukka
før. Mannen frå Skogbygden virka ikkje som han va någå særleg
interessert heller. Han snudde, og vilde gå attende åt ei sæter, men
fyrst sa han:

– «Nei, eg bryr meg ein trøylln um denne molta. Eg åt meg så lei tå'n i moltåre, at eg ha havt imot 'n sia.»

Han va ikkje tå døm som trekte ifrå, men la vel heller litt tjukt på.
Han skildra kåless han sat på ei tuve i Stålmyrom og plukka fulle to
sildbytto! Han tok i ei kraftsalve, «va ho ikkje stor som hønegg!»

Ja, han måtte sanneleg ha fått nok molte, for detta va i 1960, 48 år etterpå.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *