Kilde
Storflåmen 1938
og andre minner frå
Vågå, Bræbygden og Heidal
Jørgen Espelund

Klikk her for å lese firiordet i boka

Dølaringen Boklag 1988
ISBN 82-90072-34-1
Historien gjengitt etter spesialavtale med
Jørgen Espelund.

 

1915. Kaldsommar og gråbeinsild

År som sit fast i minnet sjå folk, er enten di beste eller di
dårlegaste. Eit år med ekstra god og tidleg vår, blir som regel hugsa
lenge.

Gamle Mari Haugen f. 1863, kom i hog eit år da det titta upp grøne
groer søonde. Høgberget alt ved Murimess (25. mars). Godværet helt ut
au, utta attpåfall.

Sommaren 1914 må ha vore god. I ei Lillehammeravise frå det året stod å
lesa at det såg ut te kronår på alle vekster. Ein ting som nå lyder som
eit eventyr, va dette som stod i såmå avisa: Rype og skogsfugl er det
som vanlig stor oversvømmelse av.» Her kunne oss gjerne setja
utropstegn attåt. Denne fuglerikdommen minka for ålvår etter 1925, er
det sagt.

Dette avisnummeret va nok frå ei god stond firi den sjebnesvangre dato 1. august det året, da krigen braut ut, brått og oventa.

Året etté, 1915, va sommaren kald og våren sein. Det va turt og kaldt
lenge utover. Ein eldre kar sa det slik, at lykka va nettupp at det
heldt seg kaldt, for elles vilde alt ha brunne tå.

«Mai kulde gjør bondens lader fulde.» Dette ordtaket slo ikkje til det året. Vendingje kom for seint.

Der døm fekk sådd bra tidleg, vart det nok bra modent kønn, i alle fall
bygg. Heime sjå oss va det stridmåtå kønn på heste åkerflekkjom.

Da det endeleg kom regn, va jordé så turr at ho slo tå seg, så det
øyrde fælt i bratte åkrer. Dette så mykje verre fordi det fyrste kom
som eit bråél utta-um det vanlege.

Dette va fyrste året far va med i onnarbeidet heime. Bestefar Erland
kom frå Lom, og tok med seg skikken å turke høy berre på marken. Loé
sette han i treva, og derfor fanst det ingen staur på garden. Far måtte
til skogs og hogge staur. Enda dette va i slåttonn, va det så kaldt at
han brukte votter!

Ja, det var harde bud. Da det leid så langt at kønne va skore og sett
på staur, kom det ein dugeleg sjogdett. Døm laut fårå og sope sjog tå
råom, er det fortalt.

Sjøl om det va såpass langt fram i tiden, ha eit låkt år vond virkning.

Det va krig i Europa, og matsituasjonen va ikkje berre god her i landet
heller. Han far va ute på eksis det året, og tente verneplikté si på
Hvalsmoen. Der svolt døm rett og slett. fortalde han. Døm livde mykjy
attåt på någå stygg gråbeinsild, døm kalla, og det va ikkje nugun
gjestebodskost akkurat.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *