Kilde
Storflåmen 1938
og andre minner frå
Vågå, Bræbygden og Heidal
Jørgen Espelund

Klikk her for å lese firiordet i boka

Dølaringen Boklag 1988
ISBN 82-90072-34-1
Historien gjengitt etter spesialavtale med
Jørgen Espelund.

 

1920-talet.

Kaldvinter

Hålkeføre og sein vår

Trykjubrué.

Skulhus i nere Heidal

På heile 1930 talet va det ikkje nugun særleg sprengkalde vintre det eg
kan koma i hog. Derimot va det svært ofte prat um ein slik ein, som va
någå for seg sjøl. Det va i året 1921, da døm bygde brue over Trykju,
etté at den nye bygdaveigen va ferdog så langt uppover i øvre Heidal.

Det vart mura solide kjær tå gråstein på båe sido. Slik muring va ikkje
støtt te å få varme i kroppen. Det måtte gå med kløkt og lempe, i
staden for med makt. Steinen skulle hoggast, og ein kan da lure på
kåless redskapen kunne halde. Jønn blir skyrare tess kaldare det er, og
kaldt va det te gagns den vintern. Det heldt seg umkring 40
kaldegrader i vikusvis. Klæutstyret va ikkje det beste, sjøl um sume
kunne hå skinnplagg tå ymse slag. For dei fleste va det nok så som så,
og aller verst va det med sko. På føtom va folk utsett for å frose med
slikt arbeid.

Ola H. Hjellet va smed på anleggjé. Han ha felt-esse som va anretta i
eit slags skur. Øverframt fekk han varme frå avlé, men verre va det
nereframt. Han reiva ymse slags fillo rondt legger og lår, og bona på
seg så han såg ut som ein buse, fortalde han sjølv seinare.

Mange tå arbeidskarom va frå såpass langt onda, at døm måtte få seg
husvero ein hell a'n stann umkring. Det kunne vera i eldhus og ymse
slags hybler, som ikkje va tå beste slag.

At nugun skafrøyste seg va ikkje umtålå, men at alle må ha frose meir
hell godt va, kan ein tenkje seg. «Lell vart fullgodt arbeid gjort,»
for å herme Olav Aukrust. Murene stod like traust så lenge at det vart
både riksveig og stor trafikk over brue, og døm står der enda.

Mange lurar på kå namnet brukjær (kar) røta seg frå. Det skriv seg nok
frå før da døm timra kjær eller kisto, fyllte med stein, i sta'n for å
mure.

Slike va det mange å sjå før, men nå finst det snart ikkje att någå slikt korkje vidt eller breitt.

Skulhuset i nere Heidal

bilde_side_30.jpg

Det gamle skulehuset i nere Heidal var bygt ca. 1867, på sygard
Fankstadgrunn. Tomta var innafor der vegen svingar inn åt skolen som
nå er. Billedet er frå 1910 eller 11, ein tidleg vårdag. Ikkje 17. mai,
men same har med flagg, fordi det å bli fotografert var stor høgtid den
gongen. Dette er nok dei aller fleste skulepliktige onger i krinsen,
men sume var ikkje med fordi dei ikkje hadde klæder som var pene nok.
Dei to vaksne er læraren Jens Bjørlie og kona Jensine (Sina), båe frå
Lesjaskog.

bilde_side_32.jpg

bilde_side_33.jpg

Skulhuset i nere Heidal va innvigt fyrst på året 1922, men meste
arbeidet va nok gjort året før. Kanskje va tofté grave og grunnmuren
ferdog alt i 1920. Bygget va eit stort arbeid å vinnast alt samen på
ein sommar.

Å få nytt skulhus va ei stor begivenheit i eit bygdelag, og det va
mykje umtåla framigjennom åre. Alt medan eg gjekk i skule der frå midt
på 1930-talet, fekk eg høyre om upphavet åt det oss den gongen tykte va
eit drusteleg hus.

For å få det så rimeleg som råd, vart det brukt mykje gåmålt vørkje.

Te og med murstein ha vore brukt før. Det kom frå eit stort mura fjos på Nord-Faukstad, garden som va nedlagt mange år før.

Heile kjellaretasjen i skulhuset vart mura med indre forskaling. Utapå
fylte døm berre innåt murom. Tofté va lett å arbeide i. Det va berre å
skive den lause sand med spaden. Ikkje ein stein fanst det, for dette
va finsand som va avleira ondé stift vatn ein gong langt atti ti'n.

På ein slik turrhaug va det beste og støaste byggjegrunnen ein kunne
få. Sjølve huset vart bygt tå timmer utu fjos-trevé på Nord-Faukstad,
og ein stor låve. Den andre låvin der vart kjøpt og brukt da døm bygde
Heidal hotell 1898.

Ein byggmester som heitte Sørlie, tok på seg å hyggje skalhuset. Han
sette upp sag på plasse der. Det ha da vorte meir brukeleg å bake
timret, i stan for å røa det med øks.

Han Knut Bekkjemillom, Storknut, døm kalla, va med og bar onda bakhon.
Gamelskulhuset stod like nordafor der, og ongane der va nysgjeroge og
vilde sjå på arbeidet. «Døkk fæ helse 'n Hanna Killi frå ein stor ein
som driv og ber bak,» sa han Knut. Hanna Killie frå Harstad ha da vore
lærerinne der i någre år, og budde i eit lite rum i gamelskula.

Gamelskulhuset va au i si tid, på lag 1867, bygt tå gåmålt timmer frå ein nedlagt gard, Nygarden sø og upp frå Slette.

Nå fekk ho Hanna Killie ei litor lugum leilegheit i fyrste høgden i nyskulhuset. Eit heilt slott mot det ho var van ved før.

Læraren, Johan Feidje frå Sogn, fekk eit bra stort husvære uppi kvisté, som slike rum uppi røsté va nemnt.

Fleire tå rummom der ha ein enkel, uisolert vegg ut mot takskråningen,
og det ha ordet på seg for å vera styggeleg kaldt uppi der.

Røstet på nyskulhusé va høgt og kvasst, og det va ikkje rekna for pent
akkurat. Det braut med gåmål stil, men det gleid likevel inni miljøet
etté som tidé gjekk. Da det seinare vart attåtbygt ein ny del, vart
inntrykket någå anslein.

Frå det fyrste eg kjem i hug va skalhuset nemnt «Slottet,» og veigen
nedafor Slottbakkjin. Dette trudde oss ongan kom tå at det va sjølve
slottet i bygden. Dette har nok eit mykje eldre og dunklare upphav.

Tomté er kome onda Horgje, og namnet Horg har någå med oldnorsk guddom
å gjera. Det ha vore fortalt at da døm grov ut tofte åt nyskulhuset,
fann døm ein steinsett ring med kul inni. Kem veit um det ikkje kan ha
vore ein slags offerplass her eingong. Det kan nettupp tenkjast, fordi
denne fine haugen ligg så lugumt, midt i bygden.

Um skulebygg og tomt er det eitt og anna å finne i møteprotokoller frå herredstyre og skulestyre:

«I møte 29. juni 1916, ble behandlet kjøp av 25 tølfter tømmer fra
statens Kjeksliteig, til en tredjedel av vanlig pris, til skole og
lærerbolig i nedre Heidal. Utdrift innen 31-12 1916, og betaling inden
30. juni 1917.»

«Fra møte 11-10-1918. Skoletomt i nedre Heidal, 3 alternativ.

Nr.1 den gamle skoletomt,
Nr. 2 tomt hos Johnsen på søre Faukstad, gardsnr. 194, bruksnr. 5.
Alternativ 3 Horgeslottet av Horgen, gnr. 192, br.nr. 3.

Tomt 1 er minst skikket, nr. 2 er god, men meningsløst dyr, kr. 3000
for 3 mål med dårlig jord. Nr. 3 er den beste for at det kan bli jord
til en skolehave. Det pålegges ordføreren å andra kongen om at
Horgeslottet og den jord, ca. 14 mål, som ligger mellem bekken og
gjerdet av Horgen, blir avgitt efter takst.»

«I møte 22. juli 1917. Skriv fra departementet om at den foreslåtte
tomt for nedre Heidal skole er for stor til tomt, lekeplass og hage.
Skoledirektøren har sett på den, 8. i denne måned. Petter Horgen møtte
op i skolestyremøte idag, og frembød en del av Horgeslottet og geilen,
mot å koste ny geile, samt gi ham rett til å benytte det til skolen
indlagte vand til engvatning, når dette ikke er til hinder for lærer
eller skole.

I møte 20. september 1919 besluttedes enstemmig å tiltre skolestyrets
beslutning av i dag om ikke å kjøpe Horgeslottet av P. Horgen for kr.
3000.»

Årsaken va vel nå au at prisen va for høg. Likevel vart det snart
beslutta å kjøpe Horgeslottet, og prisen må ein nå tykkja er billig for
vakraste skuletomte både vidt og breitt.

Det va ikkje berre gode somre i 1920-årom. Særleg ein tå døm, 1927, va någå for seg sjøl.

Ein fellesnemnar for dette tiåret va di mange hålkevintrene. Ein va
verre enn alle di andre i hop att. Så snart denne va nemnt, kunne ein
liksom skjønne at det gjekk kaldt nedover ryggen på folk.

Årstalet er eg ikkje sikker på, men det va visst umkring midten tå
1920-talet. For folk som budde i brattun, va denne vinteren det verste
døm ha upplivt. Gale va det før um det va hålke på bratte og smale
veigråk, men denne gongen va det overalt på opé mark. I brattun kunne
det rett og slett gå på livet laust. Ei og anna sjogskurpe fanst det
vel att her og der, men ellers va det blåe svellet kår du snudde deg åv.

Det verste tå alt va å bera vatn med vass-sela, som så mange måtte gjera. Nå er det berre eldre folk som veit kå det ha på seg.

Ein a'n ting va skulveigen. Nå har alle skyss med bil eller buss, men
da laut ongan tå seg fram på knuv og kne. Døm ha begynt i skula heime
sjå oss, henta seg fyrst nedover etté skiftes-hafellun, og sia frå tre
te tre ned gjennom Slettmorkje.

Nettupp i øverbygden va verste stelle å bu ein slik vinter. Mange va
nær på å gjera siste reisa si da. Han Arnt Lauvhaugen Espe, grannen
vår, fekk sanne dette. Han va på tur te å gli uttafor stugu heime. Te
all lykke vart han hengande på ei tæla møkjaruve eller ein steinnabb.
Så hekla va han da, at han smått um semi hekta seg uppover att med
tollekniven. Han ha nok vore utfor inkort før den karen. Nedover va det
fyrst ei bratt lego, så ein stupbratt bakkje heilt te nedst i jorde.
Ikkje eit tre fanst det der te å tå imot. Ha han Arnt reist utover der,
ha det vore hass visse død.

Någå va det å tå seg frami dagsljos, men verre va det i svarte myrkje.
Ho Rønnaug Ro, seinare Amundstad Hagen, va syskjenbån med oss ongane
heime. Ho va i tenest på Horgje den vinteren, som ong jente. Så ha ho
funne på å gjera seg ein tur uppi åt oss ein kveld. Kålens ho ha kome
seg oppover, visste ingen, og enda verre va det å koma nedover att.

Det va seine kvelden, og myrkare enn vanleg, fordi det ikkje va sjog.
Ho fekk låne ei fjoslykt, som ikkje va så rare ljosken. Veigen nedover
jordet sjå oss va ikkje særleg brei, og hella utover. Alle heime stod
nedafor stugu, og skulle sjå kå det gjekk. Ho Rønnaug la trøstig i
veig, men likare gjekk det ikkje hell at ho reiste utover nedafor
Eldhusbekken, oss kalla. Lykteskjenet fór som som eit sakte stjerneskot
nedover, te ho, som lykka va, stana mot ei steinrøys. Det va like før
det skulle bera utover sjølve styggbratta.

Ho Rønnaug va ikkje den som datt for fyrste støyt. Berre det at ho greidde å ikkje sleppe lykté utu hendom, va godt gjort.

Døm som såg det, fekk seg ein støkk døm seint gløymde. Det otrulege va
at ho greidde å hente seg millom kjørr og tre, røys og stein vidare
nedover i Vetlenget, oss kalla. som va odyrka mark. Døm heime heldt
kontakt med henne ved at døm ropte, og ho Rønnaug svårå. Ho kom seg da
ned i skogen tesist, og det spordest at ho ha kome seg nedover åt
Horgje att på eit vis. Sengjeliggjande vart ho ikkje, men ho va nok
både støl og stiv, og gul og blå.

Og så kom 1927, med seinaste våren nugun som Bude da visste tå. Ikkje ha det vel vore nugun sia hell, hittildags.

På Slette stod dette notatet på ein uthusvegg:

«10. juni 1927. Skogen er svart helt ned til elven. Steiner J. Øyen.»

Dette var seint, når ein veit at lauvet te vanleg skal vera burtimot
vakse på lag den 1. juni nede i bygden. Kå tid det da endeleg vart
lauv, ha eg ikkje høyrt umtålå. På Slette reiste døm ikkje åt sæteren
før langt uti juli, kanskje den 12., og da va det ikkje lauv på fjellé
enda. Dette fortalde han Johan Løkke som va sveiser på Slette den
gongen.

Men så kom det ei bråvending. Det kom endeleg varme, og godt med regn.
Graset kom som eit skot, og det vart eit bra høyår. For kønnet vart det
i seinaste laget, så det gjekk ikkje fram anna enn på sume stelle.

Med ei bra grønfôravling vart det vel alt i alt någå å leva tå for
dyrom. Ein ting lågå seg bra for folk au, det vart eit skikkeleg godt
molteår att. Som i 1912 va det nok ikkje, men langt burtimot. Hellet va
at nå blomma ikkje molta før godveret kom. Når ho så fær framgong,
treng ho ikkje så lang tid. Ho rakk å bli moden før kaldnetene kom
likevel.

Inna vendingjé kom langt um lengje, va det urang ei tong stond både for
folk og dyr. Vårknipa, som døm sa, kunne vera hard sjølv i normale år.
I 1927 vart ho tvifall verre. Han Per Syversen på Sjugurdsætern skildra
det slik:

«I låvom va det så bottskråpå at det fanst ikkje att eit rusk. Ute, kår
du åv såg, va det snautt som på handbakje. Eg såg ikkje an utveig te
slutt, hell eg tok ein drågårkjølkje og gjekk uppi fjellet for å finne
lite måså. Men så kom umslaget dagen etté. Det vart både øl (varme) og
regn, og da va det berre så det pulla utu jord'n. Eg fekk ikkje bruk
for måsån eg feinn.»

Ja, så fort vart det redning åt krytyrom det året au, um det va i
seinaste laget. Mange tykte døm måtte koma seg åt sætern før godværet
kom.

På den måtin kom mange ille ut, så det mest gjekk på livet laust. Det
vart eit ovær som om det skulle vore full vinter og vel så det. På ein
gard nordpå Dovreskogen, tok døm ut på sæterreise og kom midt uppi
oværet. Lang veig ha døm åt sætern, og høgt te fjells. Mange tå dyrom
gjekk med, og folket heldt på å skulle gå såmå veigen. Det va berre med
nød døm kom seg fram. Berre ein va såpass at han fekk gjort upp varme,
elles ha døm gått med alle samen.

Um eg ikkje tek i miss, va dette på garden Rindal. Mange her i bygden
au kom ut for såmå værkula. Ho Ingrid Sanden skulle gå åt Mugsætrom med
ein killingflokk frå Slette. Over Mughalsen va det så gale at det stod
um livet både for ho Ingrid og killingom.

Gammelfolkjé på øver-Bilben trefte burti dette været au på veig over
fjellet åt Mugsætrom. Han Ola ha det med å skratte når någå va riktogt
gale. Tess verre det bles og sjoga, tess meir skratta han! Mykjy og
mangt ha døm sikkert vore ute for, men døm kom seg da velberga fram.

Fordi våren gjekk så i langdrag, vart det ingen flåm i bygden, men så
vart det fyrst ålvår da mildværet kom, og sjogen bråna i høgfjellé.

Elvin voks alle stann på ein gong, og Laugen va styggstor. Mjøsé steig så ho stod heilt inn i Strandgata på Hamar.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *