Kilde
Storflåmen 1938
og andre minner frå
Vågå, Bræbygden og Heidal
Jørgen Espelund

Klikk her for å lese firiordet i boka

Dølaringen Boklag 1988
ISBN 82-90072-34-1
Historien gjengitt etter spesialavtale med
Jørgen Espelund.

 

1928. Heringstad brenn

Berre innåt 20 år skulle det gå før folket i Heidal vart uppskåkå tå ei
ny brannolykke. Seint um kvelden 23. januar 1928 kom varmen laus på
Heringstad. Skadene vart like store, eller um mogleg enda større enn på
Ellingsbø i 1908. Såret i gardrekkjun vart så mykje meir merkbart,
fordi Heringstad sia 1750-talet blir sett samen med kjørkja.

Det fyrste minneglimtet eg sjølv har um denne brannen, var det ho mor
fortalde. Ho var uppe til midnattsleite, og før ho la seg kom ho til å
sjå ut gjennom eit glas nordover bygde. Ho skvatt til ved å sjå at det
lyste så blankt burtpå baksida i øvre Heidal. Brannskjær i natten er
ikkje någå godt syn. Telefon fanst ikkje i heile øverbygden, og folket
måtte berre liggje med ottefull uvisse te dagen etter.

Da skulongan kom heim um eftan, kunne døm fortelja at det va på
Heringstad det ha brunne. Kå mange hus som gjekk med, visste døm enda
ikkje greie på.

Det vart store overskrifter i avisom, og her er det som stod i Lillehammeravisa Lågen:

«Stygg brann i Heidal. Flere hus på Heringstad nedbrent.

Ved halv tolv-tiden mandag kveld oppstod det brann på Heringstad i
Heidal. I den sterke vind, og med de primitive slukningsredskaper som
var for hånden, var det intet å utrette, slik at i løpet av kort tid
var de fire ærverdige stuer og tre stabbur nedbrent.

Det kom en masse folk til stedet, men da det så håpløst ut å redde
våningshusene, la man an på å berge uthusene, som lå et stykke unda den
andre husklynge. Man slapp for sikkerhets skyld ut budskapen, men det
lykkedes å redde uthusene, unntatt stabburene.

Gårdens beholdning av matvarer, og meget av det uerstattelige innbo strøk med.

Gårdshunden brente også inne.

Det lykkedes å få ut endel av det gamle arvesølvet, men ejeren, Per
Heringstad, lider et stort tap, da innbo og løsøre ikke var assurert.

Husene var assurert i Norges brannkasse. Man antar at ilden er oppstått i en av de gamle stuer, som bruktes til eldhus.

Heringstad var nu en av de peneste gårder som var igjen i Heidal. På
henvendelse uttaler byarkitekt Pettersen, formann i Oppland krets av
Foreningen til norske fortidsminnesmerkers bevaring:

«Bygningskomplekset på Heringstad var ett av de mest karakteristiske
gårdsanlegg i Gudbrandsdalen, og ett av de mest interessante i landet.

Ved siden av Bjølstad i Heidal og Tofte på Dovre, var Heringstad ett av
de ypperste anlegg vi har, vel kjent over hele landet, og vel
vedlikeholdt. Det var en perle i norsk arkitektur. som viser oss
arkitekter den vei vi bør gå når det gjelder bevaring av norsk
trebygningskunst.

Det har gått tapt et minne, som ellers kunne ha manet våre arkitekter til å beundre våre forfedres kunstsans.

Ved begyggelsen på Heringstad var proporsjonene særlig gode, og derfor
satte jeg dette like høyt som anleggene på Bjølstad og Tofte..

Tapet av bygningcnc på Heringstad er stort, beklagelig, og like
uerstattelig som tapet av bygningene på Ellingsbø for en del år
tilbake.»

Desse to storbrannene i Heidal er i seg sjølve brannvernhistorie.

På Ellingsbø høyrde oss at folk danna kjede og senda vassbytto millom
seg frå nede ved elvé. Semon Prestgard fortel etté mor sine, Sigrid A.
Prestgard. Mannen henna, Pål. S. Aaseng Prestgard, var rodemann, og
ansvarleg for det som fanst tå brannvernutstyr den gongen, 1908, i Øvre
Heidal. Han fekk da høyre at det va varme laus på ElIingsbø, og sela på
hesten så fort han kunne. Så kjørde han i vilt tråv nedover den bratte
geilin millom nørdre og søre Prestgard. Ho Sigrid kunne aldri gløyme
ohyggen, da ho stod og høyrde på kå det ramla i kjerrhjulom.

Dette va brannblien på den tide. I 1921-1928 var det kome biler, men
ikkje mange. Korkje biler eller veigjer va slike at det gjekk an å
kjøre særleg fort. Verre va au at brannen på Heringstad va vinterstid.

Slik det va, med lang veig både uti Sjoe og den vetle tverrelvé Trykju,
ha det ikkje hjelpt stort um ei motorsprøyte ha kome fram fort.

Fordi Heringstadbrannen kjøm oss mykjy nærare i tid, livi det enda att mange som såg den, og va aktivt med i hjølpearbeidet.

Ein tå døm er han Eilev M. Djupdalen, født 1895, og han va såless ein
kar i sine beste år. Han budde heime i Bårdlykkjun enda den gongen, og
vart tå næraste grannom.

Eilev og broren Hans låg i ei litor stugu med dør nordover. Døm ha
nyleg lagt seg, men så fekk Hans ærend ut. Med det såmå han opna døre,
såg Eilev at ei raud eldtunge slo ut gjennom glaset i andre høgden på
storeldhuset, døm kalla. Det var den stugu som stod ut og upp synst.

Han spratt da upp og drog på seg bukle og ei trøye. Hoson enste han
ikkje, men sprang i veig med berre «kippsko» beinast nordover. På
spørsmål seinare um han ikkje vart våt og kald på føtom, svårå han:

«Ja, men du veit deinn tidé trotta 'n kå det va.»

Det va eit drugt stykjy å springe, over ein stor del tå den gamle
Ellingsbøeiendommen, og så Heringstadjordet synnafor garden. Da han kom
fram, brann det enda berre i storeldhuset, men så tett som husé stod,
va undergangen viss for alle innhusom. Det va di fire stugune og tri
stabbur, som ette gåmål byggeskikk va gruppert umkring inntunet.
Millom kårt hus va det berre småe skott. Synst va eldhuset som nemnt
før, og ytst ytre stugu i nord-sør retning, og nørdre stugu ut og upp.
Desse siste sto på såmå toftom som di to stugune gjer nå. Innast i
tunet va ei døm kalla skulstugu, antakeleg fordi umgangsskulin heldt te
der når den kom tilgards. Innast i tunet stod au alle di tri stabburé.
Millom døm va det vidkjente storloftet, med arkader på svalgangen i
andre høgden. Med grovt malmfurutimmer va alle desse huse kår for seg som ei kruttynne når varmin kom laus.

Um det ha fåtå ti någå seinare på natten, kunne det stått um livet for gardsfolket, men te all lykke kom døm seg alle ut i tide.

Hunden va einaste livet som gjekk med, som au stod i avisreferatet.

Da Eilev Djupdalen, som ein tå di fyrste, kom fram, ha varmin enda
ikkje sli over på ytre stugu. Døm rokk da å få ut det aller mest
verdifulle der, millom anna to skåp og ei stuguklukke.

Fordi dette va hovedstugu, va sikkert au sylvtyet og di sjeldne apostelkannun, som døm va kalla, der inni.

I føderådsstugun, den nørdste, budde gamle Torger, som da va enkjemann. Folket på garden va ellers desse:

Per Heringstad, eigar og brukar, ogift. Så Olaf, bror hass, sagbrukeigar og ogift.
Husholderske va ho Ragnhild Amundstad, seinare gift med Knut Soksen, og budeia,
Anne Sanden frå nere Heidal. Ho vart seinare gift åt øvre Amundstad.

Attåt desse va Amund Veggum kome som gjest te gards um kvelden. Han låg
på eit rum synst i andre høgde i nere stugu. Han greip i farten med seg
klædin i sengen han låg i, er det fortalt.

Eilev og broren Ragnvald tok samen med Torger fatt med å berge ut
innbuet i nørdre stugun. Ettersom Eilev fortel, fekk døm ut det meste
der.

To store sledakisto fekk døm ut ved å slå sond brystningje uppå øvre
svalgangen. Elles kasta døm ting ut um glas. Sumt rank, og sumt heldt
bra, kanskje mest fordi det va sjog.

Etter kårt vart det nok folk te å bera onda ting, te sikker avstand.

Olaf Heringstad gjekk med ein gong i gang med å få ut alle husdyré, med
smått og stort. Som nemnt i referatet bles det, og attåt sjoga det
tjukt.

Ohyggen vart ikkje mindre når krytyré flaug døgerville rondt og rauta i
vinternatten, som vart meir og meir upplyst tå varmen. Det er ikkje
rart um stokken sit lengje i folk attpå ein slik upplevelse.

Ja, det er ikkje mangt ein røkk å få med tå di som tildrog seg ei slik natt. Sume enkeltheiter skal likevel nemnast.

Amund Veggum va nok den som fyrst skjønte at det va gale på ferde, og
fekk vekt og varsla alle di andre, som sikkert sov i god ro di fleste.

I ytre stugun vart det berre ei stakket stund å gjera på. Husholderska
tenkte fyrst på sine næraste saker, i kjøken og stugu. Ho tok gardynor
frå glasom, kaffekvern og kaffehus frå hylla ved omnen. Kaffehuset datt
ned og tømdest, og så ga ho seg te å plukke upp att eitt og eitt
kaffekøynn frå golvet! Tragikomiske ting kan ein ofte sjå i slike
situasjoner. Her kan alle berre tenkje kår med seg. Oss menneskjo er
ikkje fullkomnare enn at kem som helst kan bli forfjamsa eller heilt
lamsli når det røyner på.

Olykkelegvis kom ingen te å tenkje på den stakkars hunden, som va
bonden i eine komfyrstetten. Det skullle vera tungt og ilt å høyre på
han ylte, etter at det var for seint å hjølpe.

Da varmen slo over på ytre stugu, va alt besegla for innhusom, og så
fort gjekk det, at det va som ein eksplosjon. Ikkje før ha varmin sli
inn i søre enda på ytre stugun, før han slo ut att i nørdre.

Nå va det berre eitt å tenkje på: Prøve å berge uthuse". Det va mildt i
været, og sjogen som fall va kram. Dette utnytta folk ved at døm kasta
sjogballer på uthusveggjin. Sjogen bråna, men folket kasta og kasta, så
dette gjorde sikkert sitt.

Det einaste brannvernutstyret som fanst i Heidal, va ei håmdpumpe i kår
krets. Den i midtre ha frose sond ein gong, og va obrukbar. Umsider kom
døm da med den frå Skogbygden. Hesten va redd, og døm kunne ikkje få
kjørt ho heilt uppå garden. Någre karer kom berande med ho.

Det va ei håndpumpe, med stempel midt på, og eit håndtak i kår ende.

To mann dreiv da upp og ned avvekslande. Ein sugeslange vart sett ned i
ein eller an slags kopp som døm bar vatn burti. Det som va i
gardsbrunnen rokk ikkje lenge, og da det va mest kritisk for uthuset
som stod nærast, tok døm mjølk som stod i spann i vasshuset.

Det va berre så de kokte i veggje" da døm sprøyta på mjølkje, er det fortalt.

Vasshuset va nær innafor garden. Dette måkå døm mesta ned med sjog, men
så varmt vart det at den bråna, og vatnet rann i bekkjer millom husom.

Når brannvernhistori ha vore nemnt, va det fyrste som ein veit va
påbode utover landsbygdin frå gåmålt ein lang stega, ein brannhåkå, og
ei slik koparsprøyte som enda finst att her og der. Dette va som ei
velvakse sykkelpumpe. I alle fall stempel på såmå gjerde. Håkån med
langt skaft va te å rive ned hus med, for å få større avstand åt andre.
Eit groteskt eksempel på hjelpesløyse har oss i det som er fortalt frå
Tolstad på Lalm. Det tok fyr i daugras uppå takjé på eine stugun um
våren. Olykka va da at det fanst ikkje såpass stega på gardé at døm
kunne koma uppå og få sløkt!

Så å seia heile garden brann ned. Over tjuge hus, er det sagt. Dette va
eit stygt hoggg i bygdabilledet på Lalm, som ikkje va snøgt å lækje.

Brannen på Tolstad va i året 1859. Slike gardsanlegg som dette, på
Ellingsbø, Heringstad og mange andre, ha ofte stått som eit fastpunkt i
ei bygd gjennom mange århondrer. På Heringstad va ein lang tradisjon
markert med di to apostelkannom som før er nemnt. Desse tonge og
massive kannun va tå bronse. Kanskje stamma døm frå eit kloster ein
gong i tid'n. Desse kannun ha vore på Heringstad i fire hondre år. Sia
kom døm på museum.

Før i tiden trudde folk fullt og fast på mystiske tegn og varsel. Ei tå
kvinnfolkom på Heringstad påstod at ho ha sett någå blanke ljosglimt
umkring seg kvelden før brannen.

I samenheng med maktesløysa når varmin kjøm laus, tenkjer eg på eit
vers som stod på ein vegg i Fredriksborg slott, Hillerød, Danmark.
Dette slottet vart stygt herja tå brann året 1859.

«Sterke mure, fortids pragt,
hvad vi trodde stod betrygget
og for evigheden bygget,
synker nu for luens magt.»

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *