Kilde
Storflåmen 1938
og andre minner frå
Vågå, Bræbygden og Heidal
Jørgen Espelund

Klikk her for å lese firiordet i boka

Dølaringen Boklag 1988
ISBN 82-90072-34-1
Historien gjengitt etter spesialavtale med
Jørgen Espelund.

 

1930-åré

Dette er fyrste tiåret eg sjøl kjøm i hog någå frå. Svake glimt for det fyrste, og sia meir og meir for kårt år.

Ein sams karakteristikk for dette tiåret er at mykje tå di gamle vart
burte, og nytt fekk feste, for å herme Bj. Bjørnson. Di fleste somrene
va gode, med jemt over gode avlingo. Sume somre va nok harleg turre,
men det va liksom på ein an måte den gongen. Det va mykje tordvær, og
med det følgde kraftige regnskurer. Dermed vart ikkje turken så lei,
særleg her i fjelltraktom.

Det vart eit markert skille i værlaget etter 1940-årom i alle fall. Det
vil helst vera tordevær nokre gonger firi Jonsok, og så ikkje meir.

Det som kjennetegnar ein god såmår, er mildt og lummert vær med tordeslått etter Jonsok.

Kanskje hadde det lettare for å bli tordever her i fjelltraktom.

Eg har eit minne frå ein slik såmår, da det ikkje va særleg turke her. Da stod det med grov overskrift i ei avise:

«Tørken er katastrofal på Sørlandet.»

Ikkje berre lauvskogen tok te å visne, men barskogen vart au bron i toppen, stod det.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *