Kilde
Storflåmen 1938
og andre minner frå
Vågå, Bræbygden og Heidal
Jørgen Espelund

Klikk her for å lese firiordet i boka

Dølaringen Boklag 1988
ISBN 82-90072-34-1
Historien gjengitt etter spesialavtale med
Jørgen Espelund.

 

1932. Møte med ei ny bygd

Um lastebilen hass Fredrik ikkje gjekk så svært fort, visste eg ikkje
ordet tå før oss va framme på Lalm. Det eine inntrykket slukte det
andre, inntil bilen stana på ei litor plan i ein tverr sving under ein
bergehåmår.

«Ja, nå skulle oss hatt flugarmaskin den stubben som er att da,» sa han far.

Der oss stana va uttafor Solheim og nørdre Snerle. Så va det ein tverrbratt stig uppå flatare lende, der den nye heimen min låg.

Kjellykkja heiter det, og liggi ei logn ro. Ein bakkje med skogrand skjerma så godt mot nordavind og vær.

Det fyrste eg enste på, va ein liten hang uttafor husé, med ei vakker
gåmål furu uppå. Denne tegna han far åt meg ei stond før avreisa, så eg
skulle få ei forestilling um stellet eg skulle vera på.

Og så kom det mest spennande: Å treffe døm som skulle bli som foreldre åt meg og han Magne, som da ikkje ha fyllt eitt år enda.

Mari fasyst og han Anton stod uti eit glas og venta, og vinka og log da oss gjekk uppmed stugu åt døm, som va på øvre veggje.

Mari og Anton ha eg ikkje sett før. Det va ikkje ofte å refise
bygdemillom den gongen. Attåt døm trefte eg der fyrste gong ho Julie
Lien. Ei blid ongjente frå Holongsøyom, som oss sia fekk mykjy godt
samkvem med fram gjennom åre, både på sætern og i heimen henna.

Ein ting kunne eg slå fast, at eg kjende meg heime temmeleg fort.
Tilstå må eg likevel at det kom ein klump i halsen da han far og han
Fredrik baud farvel og tok åt att. Han far minnte meg um den sangen eg
alt hadde lært mykjy tå utanåt: Salige visshet. Den skulle eg ha med på
veigen, og aldri gløyme. Eg var eller vart ingen sanger, men lesa han
kunne eg. Ho Mari tok dette ordet frå bror sine med stort ålvår, og
enten song ho, eller oss las sangen i hop. Det vi ikkje visste den
gongen, va at det vart berre fåe gongo eg fekk sjå han far etter dette.
Han va alt da skral, og dø to og eit halvt år seinare.

Denne minnedagen med Lalmsturen va i fyrste halvdel tå februar 1932.

Det va lite sjog på Lalm, og i Kjellykkjun va det vårkjømt. Um ikkje så
lenge va det berrflekkjer å leike på, og med så mykjy nytt fall eg fort
inn i miljøet. Ein dag kom granneguten Oddvar Solheim ruslande. Han va
to-tri år eldre enn eg, men du og du så mange leikedågå oss fekk
isamen. Han va einsleg onge i heimen sin, og grannegarden nørdre Snerle
stod øyde ei stutt tid akkurat da. Derfor va det velkome for honom å få
ein ny gut så nære ved.

Ei storhending vart det da minstebror min fyllte eitt år eit par vikur
etté oss kom åt Lalm. Det vart eit lite lag um kvelden, og han Oddvar
kom med presang. Den var original til gagns: Ein ørliten kaffekopp med
skål under. På koppen va eit rondt og blidt måneandlet, og den fekk med
ein gong namnet «Månkoppen». Bror min har han enda like god på hyttun
sine i Vermedalen, Romsdal.

Ein markant forskjel frå heime i Heidal, va at her va bilveigen ikkje
så langt onda. Mang ein dag ha han Oddvar og eg moro tå å stå ved
veigen og rekne bilene som fór. Så mange va det ikkje så tidleg um
våren, men seinare voks talet monaleg. Med alle som skulle over åt
Sogn, Geiranger og Stryn, eller burtover Sjodalen, vart det ikkje så
fåe. Likast va det når oss såg ein ekstra fin og ny «passagerbil,» som
oss kalla personbilene, meda dette ordet va nytt og fremmandt.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *