Internt referansenummer: 12.07.2011 – BOK
Kilde:
Frå eit langt liv – Folkeminne, segn og soge
Per Aarviknes
HELSINGSKRIFT
Utg. Av Volda Bygdeboknemnd
1975
Aarflots Prenteverk – ”Møre” 6101 Volda
Klikk her for å lese ”Føreordet”.
Klikk her for å lese ”Helsing frå ordførar S. H. Halkjelsvik”


2 Bjørnar

På Berkneset såg dei to blanke ting som kom over Eikefjorden. Det skein i skallane av to bjørnar som symde på fjorden, og dei la til land på Berkneset. Bjørnane kom inngjennom Lidabygda. Då dei kom inn for bøgarden i Berkvikja, møtte dei ei kjerring som var oppe i marka. Bjørnane rauk på henne, men ho la seg ned og låste vere død. Bjørnen la øyra attåt hovudet hennar, men ho heldt pusten so bjørnen trudde ho var død. Bjørnen gjekk eit stykke frå og grov ei hole, og medan han arbeidde med det, fekk ho lure av seg nokre klede som ho la frå seg der bjørnen hadde lagt henne. Ho fekk då høve å kome seg heim.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *