Internt referansenummer:B-April-2020
Kilde:
KYNNEHUSET
VESTEGDSKE FOLKEMINNE
Av: Peter Lunde
NORSK FOLKEMINNELAG VI
KRISTIANIA (NORSK FOLKEMINNELAG)
1924

 

TRULOVING OG BRYLLUP

SPRINGA MED TVORA

Jolaftan med same dei hadde teke jolegrauten av varmen, skulde dei taka tvora dei hadde reidt grauten med, og gaa baklengs andsølt ikring badstova tri gonger, so skulde han koma og sleikja tvora, den dei skulde faa.

Ein gut i Eptestøl gjorde det. Tollei klædde seg ut i ein stakk og gjekk imot han. Guten var viss paa han hadde sett gjenta si.

Ein annan gut som gjekk med tvora, fekk sjaa ei ukjend gjenta med «steinmoselida» stakk. Dei stakkarne var ikkje i bruk i hans bygd daa, men i den bygdi der han fekk kona si fraa. (Fjotland).

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *