Internt referansenummer:B-April-2020
Kilde:
KYNNEHUSET
VESTEGDSKE FOLKEMINNE
Av: Peter Lunde
NORSK FOLKEMINNELAG VI
KRISTIANIA (NORSK FOLKEMINNELAG)
1924

 

TRULOVING OG BRYLLUP

BELEGUT

I Fjotland fylgde det jamt belegut med friaren for umlag 70 – 80 aar sidan.

Sameleis i Bjelland. Dei kalla han beilegut. Gamle folk i Søgne kann fortelja at dei hadde belegut der au. I Greipstad kom friaren gjerne ridande til gards, og hadde ofte belegut med seg.

**********

Ein gut fraa Høye i Øyslebø kom ridande sjølvannan og yver heidi, han skulde paa friing til Ingeborg Stokkeland i Greipstad.

He du i kvie aa sele?*1) spurde han far til gjenta.

Nei, eg hev ikkje de, svara faren. Men eg hev ei aa gje burt, sa han.

Ingeborg var ikkje sers huga paa det, men naar dei tvo karmennerne hadde gjort det av seg imillom, so laut det so vera.

Daa ho reid av garde med festarmannen, og skulde halda bryllup, var ho so tung i hugen. Ho snudde seg attende paa Skòrskleiva og saag heimetter, og daa sa ho noko so «vemodeli», men forteljaren hugsar ikkje korleis ordi fall.

Det var ikkje sjeldan giftingi vart avgjord imot brudi sin vilje. Men dei fann seg i det utan sutring, avdi det laut so vera.

**********

Beleguten laut skreppa svært av friaren. Ein belegut gjorde so reint for mykje av det paa Skytel i Eikjen. Han laug so mykje ihop, at daa gjenta fekk greida paa korleis brudgomen sat i det, reiste ho sin veg, endaa ho alt hadde fenge brud-stasen paa seg.

*1) Selja

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *