Internt referansenummer: Bok-07. april-2020
Kilde:
GAMLE BYGDEVEGEN
FINNSKOGFORTELLINGER
Av: ÅSTA HOLTH
FORLAGT AV
ARTHUR ROSÉN AS
OSLO 1944

Brennevinsmyra

NB! Dette er kun et illustrasjonsbilde, og er malt av Gari Melchers.

Eli Lasko la bundingen ned i fanget, løfte det breide ansiktet og lydde. Så drog ho pusten som eit sukk. Enno hørde ho dei ikkje. Svært så lenge dei vart. Det kunne vel ikkje ha hendt dei noko? Ho kjende seg aldri trygg når sønene var ute. Tenkte på varg og illgjerningsmenn. Iser nå seinhaustes var det nifst.

Eli batt og batt. Bundingen var så god å ha når ein var urolig. Av og til gjorde ho ei rørsle som ho ville reise seg, men tok seg i det og batt vidare. Ansiktet hennes var beinet og hardt, kjakebeina hennes lea seg som om ho togg seint på eitt eller anna. Hendene var beinete dei og, magre og krokete som klør. Men dei var korkje visne eller skjelvne, det var sterke hender som heldt på det dei hadde.

Nei, så seine som dei vart, Per og Daniel. Det måtte ha hendt noko.

– Våg ikkje å komma att like tomhendte denne gongen og! var det siste ho sa, i frå dørhella da dei drog.

Kjakene hennes beit hardt ihop da ho tenkte på det. Tenk om dei kom tomhendte likevel. Tenk om ho ikkje skulle leva lenge nokk til å sjå det som ho ønskte det her i Lasko. Spaninga heldt på å sprenge gamle Eli. Men ho hadde tukta seg sjøl og andre i så mange år at ho greide å styre seg.

Endeleg – der hørde ho hovtramp. Ho reiste seg halvt opp, beit så tennene ihop og sette seg ned att. Rolig nå, Eli. Rolig, som. det høver seg Eli Lasko. Så høgmælte dei var? Med eitt vart ho raud i dei skrumpne kinna av hanne. Dei kom toeine – og dei var fulle! Ho la bundingen i hop, kjørde den lause stikka gjennom garnnystet og reiste seg. Så skulle då…med det same gikk døra opp. Daniel kom med overdrive støe og lange steg mot henne over golvet. La ein tull i armane hennes.

– Der, mor! Du ville sjå bånebånet ditt før du døydde!

Eli hadde styrt i Lasko sia mannen hennes døydde – i tretti år. Sønene Per og Daniel lystra henne som bra søner skal. Men da ho ville velja kone til Daniel sa han nei. Han ville finne ei etter sitt eige huga.

– Du kan dra hit den tyttø – så skal eg jaga henne ut att med kjeppen sa Eli.

Ho hadde sett ut koner til dei båe to, og snakka med foreldra til gjentene, så det var i orden, det. Per skulle ha Gundla i Pellesnytu, og Daniel skulle ha Ingrid Tomasdotter i Gransjøen. Per hadde ikkje noko i mot Gundla, det var berre det at han ville velja sjøl. Så drygde og drygde han, og Eli masa og masa. Da han endelig kom seg i veg og skulle hente gjenta, hadde ho skifta hug. Han kom heim «tomhendt». Da var Eli så sint at ho dreiv sønene som slaver heile sommaren. Så hadde ho sagt til Daniel at nå fekk han komma seg iveg etter si.

– Eg blir gamal. Eg vil sjå bånebån i Lasko før eg kvelder!

Daniel hadde vørti raud som blod. Han sala hesten i fullt sinne og sa at ho skulle få sjå bånebån før ho venta det. Så drog dei avstad, dei to brørne. Daniel ville ha broren med, han var modigere da.

Dei reid ikkje til Gransjøen, men på svensk sie til eit torp som heitte Lamassa. Det var ikkje fyrste gongen Daniel fôr den vegen. Når han hadde sagt til mor si at han var på jakt eller fiske, så var han i Lamassa hos Anna-Brita. Sist han var der hadde ho greti da han fôr.

– Skal vi måtte gå og vente på at mor di skal døy? hadde ho sagt. Det blir litt lenge for meg det – nå.
– Mor lever til ho blir hundre år, sa Daniel muntert. Men vi skal nokk få henne til å komma på andre tanker før den tid. Ta det berre med ro. Foreldra dine veit korleis sakene står og vil passe vel på deg. Og meg veit da du kan lite på.

Dei to brørne vart godt mottekne i Lamassa.

– Eg kjem for å hente Anna-Brita, sa Daniel.
– Har ho gitt seg nå, mor di? spurde dei gamle.

Daniel smilte.

– Hm – ho masar og strir og vil laga til bryllup.
– Vil ho halde bryllupet?
– Ja. Og det lyt eg be dykk la henne få lov til. Det er så myu om å gjera for henne.

Anna-Brita vart raud og slo auga ned.

– Da lyt ho nokk vente minst ein måne. Eg kan ikkje stå brur slik. Så lenge venta ho nokk, trudde Daniel. Men om han ikkje kom heim med gjenta nå, så ville ho reise til Gransjøen sjøl og hente ei!

– Ho er truandes til alt, medga Per.

Så vart det til det at Anna-Brita samla ihop det ho mest trong og gjorde seg ferdig til å bli med. Daniel klappa henne på ryggen. Når mor hans fekk sjå, denne vakkertyttø, så ville ho nokk mjukne. Litt tung var ho vørtin, Anna-Brita, men det kledde henne. Ho bar børa si så stolt.

– Tåler du å ri den lange vegen? spurde han.

Ho smilte trygg.

– Åja, eg er da ikkje så nær på – men er du sikker på at mor di ikkje blir sint?
– Mor er ikkje noko umenneskje. Eg kjenner henne nokk. Når ho ser deg kjem ho til å pusle om deg som du var eit bån. Men ho kjem til å bruke ein farleg munn på meg!

Han lo berre av det.

Men skakinga på hesterygg etter dei humpete vegane var ikkje så bra likevel.

– Du får stanse litt, Taneli – eg kjenner meg ikkje bra.

Ho var bleik da han hjelpte henne ned av hesten, men smilte trøstande til dei redde auga hans.

– Det er ikkje farleg. Eg får freiste å gå ei stund, så går det nokk over.

Dei gikk, Daniel heldt armen om henne. Dette kunne bera gale iveg. At dei ikkje hadde tenkt på at det kunne gå gale slik. Men når dei som kvinnfolk var, ikkje var redde for det, så. Om litt kjende ho seg så bra at ho klauv til hest att. Men da dei kom til myrerne ved Versolamp hagla sveitten av henne. Ho fekk med seg knytet med barnetøy da han løfte henne ned.

Sonesonen til Eli Lasko vart fødd der ute på myra. På ei seng av bar og hestedekken på den hardfrosne mosen. Det gikk fort og vel. Anna-Brita var ei sterk gjente. Ho spurde om dei ikkje hadde brennevin med. Det hadde dei og butlane kom fram. Og vart tømde. Kva anna skulle to skjelvne mannfolk gjera enn å slå brennevin i henne – og seg sjøl! Det var nær på dei skulle ha slegi i ungen og, men det fekk dei ikkje for Anna-Brita. Da alt var over tok Daniel gjenta og bånet føre seg på hesten. Han støa henne og freista å ta av verste humpane for henne. Per var kommi dit at han tykte all ting var bra – så nær som det at dei ikkje hadde meir brennevin. Tenk om kvar frossen vasspytt hadde vøri brenne¬vin! Det skulle vøri noko til myr – noko til myr! song han.

Det mørkna og dei hørde villdyrul langt borte. Men slikt var dei så van med. Det var nokk ikkje fyrste bånet på Finnskogen som hadde somna inn til den vogg¬songen. Anna-Brita småsov ved bringa til Daniel. Den vesle var mett og grynta berre litt innimillom.

Så var dei endeleg heime i Lasko. Dei leide hestene på stall. Det hadde gått bra likevel, fekk dei segja. Dei tala høgt og livat. Så tok Daniel sonen sin og bad Per ta hånd om Anna-Brita. Og så gikk dei inn til Eli.

Der stod Eli og heldt båntullen i klohendene sine, fann ikkje ord på ei lang stund. Så såg ho at ungen var uvaska – og at Per støa ei sjanglande gjente inn gjennom døra. Da vakna ho.

– Likner det noko detta? Tullguter! Kva er det som har gått for seg? Er han født i skogen, denne?

– Han er født midt utpå brennevinsmyra! sa Per og lo.

– Jo, de kan stelle det til!

Ho dytte tullen borti armane på han som far var. Så gikk ho mot Anna-Brita og leide henne til senga. Fekk av henne klea og pakka henne ned. Heile tia snakka ho hardt og sint til sønene. – Pekka! Taneli! – i eitt vekk. – Legg i omnen! Få på vassgryta! Legg frå deg ungen og hjelp til! Stå ikkje og hald døra på vid vegg!

– Er det ikkje bra nå da, mor? vrøvla Per. Kom vi tomhendte nå, kanskje?

– De skulle ha juling så store de er! small Eli. Dra ut ei stakkars gjente slik! Drikke seg fulle attpå! Og kvifor drog de ikkje til Gransjøen som eg sa?

Dei svara ikkje på det. Det var ikkje meininga hennes at dei skulle svara på alt heller.

Det var endeleg stille i huset. Ungen var flidd og svav. Eli var i fjøset og kveldsmjølka. I sengebenken låg Anna Brita og gret stilt. Daniel kom og sette seg på sengkanten.

– Har du vondt, Anna-Brita?
– Nei, hørde han djupt nedifrå fellen. Han kom nærare og strauk henne over håret.
– Kvifor greter du?

Ho tok breidsla frå ansiktet.

– Eg vil ikkje vera her. Slikt leven som ho held. Ho er galen fordi eg ikkje er Gransjøgjenta, eg kjem til å få høre det kvar dag! Eg fer heim att så fort eg kan, så vidt du veit det!
– Men mor er da snill? sa Daniel undren.

Han hadde aldri visst anna enn mor hans var snill og klok og flink. Kjeften hennes hadde han hørt i så mange år at han merka ikkje den lenger. Ikkje meir enn ein hører klokka, knepper på veggen! Dette vart gæli, om ikkje Anna-Brita skulle komma ut av det med Eli.

– Det er da berre oss karane ho skjeller på. Og eg trudde vi fortente det.

Han sat rådlaus og strauk henne. Mor hans såg da ut til å like gjenta, det han kunne forstå på henne. Og ho sjaua og basa og laga til bryllup – og gledde seg til å sjå bånebåna vekse opp. Skjønte ikkje Anna-Brita dette?

Det skramla i bytter, mora kom inn frå fjøset. Han fekk segja til henne at Anna-Brita laut ha ro.

– Det er vel best for Anna-Brita stakkar, at det er tyst her, kviskra han.
– Ja, berre ver tyste, de! sa gamla.

Anna-Brita hadde søvi ei lang stund. Ho vakna av å høre eit tunt rustent mål som song lågt på ein bånsull. Karane var gått til sengs. Føre den opne røykomnsdøra sat Eli Lasko og stelte den vesle. Det lyste raudt frå glohaugen der inne på det skrumpne gamle ansiktet og på dei spe barnelemene på fanget hennes. Anna lys var det ikkje i rommet. Eli hørde Anna-Brita lea på seg i senga og spurde:

– Er du vaken?
– Ja. Å – eg svav så godt, mor!

Eli kom bort til Anna-Brita kjende som ei klo famla over seg og la seg på huga hennes.

– Du får ha takk for du kom, bån. Du var ikkje den eg venta, men… Eg fekk da sjå sonesonen min. Det kunne ha vørti for seint. Eg har kjent dauen i meg lenge.

Anna-Brita kjende seg varm og full av fred. Ho visste ho kom ikkje til å fara att.

Eli såg lenge på det vesle ansiktet og vog ungen i hendene før ho la han ned til mora. Han var komen litt tile, odelsguten til Lasko. Men han var velskapt og hadde mål i halsen, så det vart nokk kar av han. Og nå kunne Eli Lasko gi frå seg styringa.

Men myra ved Versolamp har hette Vinasuo – Brennevinsmyra – i hundre år og hetter det den dag i dag.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *