Internt referansenummer:B-April-2020
Kilde:
KYNNEHUSET
VESTEGDSKE FOLKEMINNE
Av: Peter Lunde
NORSK FOLKEMINNELAG VI
KRISTIANIA (NORSK FOLKEMINNELAG)
1924

 

PRESTESOGOR

PRESTEN WILLE

I det bilet Wille var prest, var det fælt mykje regn i haustonni eit aar. Det laag utskjemt høy spreidt utyver alle stader, og det saag ille ut for aakeren au. Presten sa dei laut beda um godt ver, og han bad paa stolen fyrste preikesundagen etter.

Det fall so til at midt under bøni tok soli til aa skina.

Daa tenesta var slutt, sa presten:
– Nò fær me godt ver, for solæ skein paa prækestolen!

Det hadde aldri rignt verre enn det gjorde etter presten hadde bede. Det heldt paa umlag tri vikar etterpaa.

So var det ein gong seinare, det fall au inn ei røyta, dei vilde presten skulde beda um godt ver.

Men daa svara presten:
– De kann kje nytta aa be um godt ver, so lengje me he dennæ verstøa!
(Fjotland).

**********

Wille var svært glad i pengar. Ein gong han hadde tillyst offer joledagen som vanlegt, vart det so fælt eit uver at der kom, mest ikkje folk til kyrkja joledagspreika.

Daa dei kom ut av kyrkja, sa presten til Bernt Spilebrokk:
– Eit anna aar ska me ikkje ha preik joledagen, for daa bli de uver.
– Men kann presten vida hossen vere bli eit anna aar? meinte Bernt.
– Nei, eg kann nok ikkje det! svara presten.

**********

Wille skulde halda liktale yver ei kona fraa Seland. Enkje¬mannen hadde gjeve presten ti dalar for det.

Presten sa millom anna i talen:
– Aa du enkjemann ifraa Seland! Nò e kòno di dø! Nò fær du kje lenger se ‘o gaa ut inn gjønnom dørenne! Nò faar du kje lenger favn’ enn’ i sengjæ!
– Mannen grein så du tenkte mannleg han døe.

Same dagjen va der ein or Sannvigjæ som hadde mist si kåna, men han ha’ ikkje penga.

Han ba presten um han kunne kje gjera liktale for inkje.
Sò helt presten denne talen øve henne:

– Her e en enkjemann or Sannvigjæ som vi eg ska halla liktale øve kòno hans. Men ho helt eit ureinslegt hus daa ‘o livde; ò som ‘o livde, sò dø ‘o. Ammen.
(Eikjen).

**********

Ein annan prest i Kvinesdal skulde halda liktale yver bror sin. Dei hadde alltid vore uvener, og enkja var fatig so han fekk ingi betaling for talen.

Han tala soleis yver broren:

Ligge du nò her, du store sterke Lars, bror min? Du ville vera bas baade for Tudal og Tinndal, ò sio adde Lonarann. Men du va allti sò hjerteli forlein for den suvlæ. Men sò surpa du ihop noko blaabærsupa, daa aat du sò godt. Ammen.
(Eikjen).

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *