VERDAL HISTORIELAG’S SKRIFTER 5
Årbok 1980
I redaksjonen:
Odd Kr. Bendiksen
Solveig Ness
Ronald Inndal
Opplag: 1500
ISBN 82-90216-06-8
Trykk: Bok- & Offsettrykk, Verdal 1980
Klikk her for å lese bokens FORORD

Den siste bjørnejegeren
INTERVJU MED SEVERIN HEIMO
Av Helge Dillan

Severin Helmo var født i Byna 17.4.1876. Familien flytta til Grensvald, Blokko, og Severin voks opp der. Han ble gift med Karoline, datter av Oluf Slapgårdsenget, som var leilending på Helmoen. Severin overtok som leilending, og i 1919 kjøpte han gården og ble boende der et langt liv. Severin var nært knyttet til skogen og fjellet og han var kjent dyktig jeger.

Han ble en gammel mann. Han døde 14.8.1979 – 103 år gammel.

I 1975 var Helge Dillan og journalist Ole Alstad og besøkte Severin og hadde et intervju med han. Intervjuet sto i Arbeider-Avisa 26. juli 1975. Severin var da 99 år.
Red.

Severin Helmo og Helge Dillan i ivrig samtale (Foto: Ole Alstad)

Severin va’ den sist’n som skaut bjønn i Verdal
«Æ ha lett fer å fårrå i fjelli», sier 99-åringen på Helmoa

Vi vart enige om å ta ein tur oppi Helgådalen og helse på den siste bjønnskjøttarn, han Ole og eg.

Eg hadde aldri før vore på Helmoa, skam å seie, enda eg er fødd verdaling.
Han kjem imot oss, gubben, (ikkje ein avfeldig olding) med kvikt fotlag og blank i augom.

«Du kjenne vel ijtt mæ», sei æ. – «Få sjå. Jå, æ kjenne dæ på følkji. Æ ha faren din te lærar i skola oppi Volla.»

Og så vart vi kjent da, og det va ijtt vanskeleg å få samtalen i gang. Vi kjem naturleg inn på skog og skogsarbeid som har vore ein stor part av eit langt liv. Det var tungt og hardt arbeid, seier han, men eit friskt arbeid.
– Held du ijtt på nå i skogja nu da?
– Næ, dæm e dårleg beina.

Men kona på garden kan fortelje oss at han haugg den ve’n som trengs, når han får’n heimkjauld.

«Men æ brukt da å rejnn i fjelli litte ja.»

Severin Helmo. Bildet er hentet fra Helgådalen Bildearkiv. Klikk her for å komme direkte til arkivets bilde.

BLES UT LONGAN

Og kona fortel vidare at han plukka ajll matbera som dæm trong. Han seier vidare: «Æ ha lett ferr å fårrå i fjelli. Æ ha sterkt brøst.» «Ja, seier eg. Det blir nu go longa tå å fårrå i fjelli, veit du.» «Og så va æ hard på ski, når æ va ong, og da bels’n ut longan.»

Ja, og så vart det litt bjønnprat. «Æ skaut den sisten som va opp hen. Det hi ijtt verri nån sea. Og nu hi dæm lagt ne enn storbjønn oppi Lierne. De va enn kjæmpe det. De vistes på hårom de va gammelkar. Hajnn va brun.» Og så ler gubben godt. «Hainn va heldig hajnn som ha me sæ børs. Hajnn ha ijtt bærga sæ uten den næ. Bjønn låg på åti, og da e’n skamfale, sj er du. Hajnn va krigersk og rejst sæ opp.»

MY VÆRG

«- Va du fjellgjetar når du va stakkalongen?»
«Næ, æ gjett nu bærre heim.»
«I gammeltin va e my værg. A mor kasta ein gong treskon på’n.»

Han ler lenge åt dette, gubben. «Men nu e dæm da freda. Dæm finn på mangt nu fer tia. Nu ska dæm reguler alt. F.eks. maskan på fesk¬garnom. Før va e ejller snakk om det. Vi brukt garn og feska, og da va e fesk som va brukan. Nu fins e næsten ijtt fesk i mang tjønni. De bli feska ferr lite. De bli ferr my fesk. Og lite mat åt’åm. Æ hi da rede på tjønnom austpå fjelli hen. Æ hi da ferri dæm aill. Æ hi ferri fjellet ifrå Sul og åt Ogndala.»

ELGJAKT

«Æ va me my på elglos, men det va hardt det.»
«Ka du mein om å skjøt elgkælvan?»
«De e bandråp, de. Fullstendi. Før va e sålles at skaut vi kælv, så vart vi straffa. Nu skjøt dæm kælva, men det e just ijtt nå mang som skjøt dæm, næ. N’almindeleg elgjæger hajnn skjøt ijtt kælv.»
«Ere nå my rådyr oppi hen?»
«Jå, dæm fins, ja, men gaupa te dæm. De e så my gaup oppi hen. De bli ijtt skøtti nå gaup hen, sju. Ingen som går ætte gaupa. De e ijtt sånt landskap at de går jakt heijll, ferr hu går bærre i olendi. Men de e bra skottpæng ferr gaupa.»

FØR OG NO

Vi kjem inn på tia som a e nu. Det var litt annleis å leva før, sier han. I tjue-trettiåra. Da fekk vi våttå kelles de va å låvvå. Nu hi dæm lite vett på dii. Og så fekk vi tyskertia. Ja, vi som va litte avsides, va ijtt stort plaga me dæm, da. Og så alle politiske partia! Det likar han ikkje.

Vi snakkar litt om nikkelverket ved Skjækerfossen, og gruvedrifta i Malsådalen. Men det har han ikkje vore stort borti. Så vart det ei tid laga heiner ved Skjækerfossen, og seinare flytt op til Rudolf Langdal og Jon Plassa. Det var oppi Snekkarmofjelli steinen fans.

«Va e bra heini?»
«Å, dæm va litte hard, men de vart da bætt ferr dæm.»
«Avla di konn hen?»
«I år vart e enn uheldi vår åt di. Det gjekk i tri vækka frå de vart sådd og te det bynnt å vis sæ braudd. Og de bruke å vårrå tri dåggå. De va nok blautsnø og slutter oppi hen.»

FERR HØGT

«Du kjem nu vel ihaug dårleg år før og du?»
«Å ja da. De hi nu verri så øms me di.» «De e ferr variabelt med konnavl hen oppi. De ligg ferr høgt. De e nordvesten som tyne ferr oss. Æ hi verrihen så læng at æ kjenne nordvestingen.»
«Du hi vel skjøtti nå tå kvart på jakt.»
«Ja, både smått og stort. Æ hi skøtti frøktele my ryp, ja. De var ein haust da vi kom opp på fjellet hen, så såg vi rypa i store skokka. Vi skaut enn 40-50 om dag. Men de e merkeleg med rypa. I 1927-28 så fans e næsten ijtt ryp, men i 1930 va e tjokt tå ryp all stads. De kujnn vårrå bærre 50 meter imillom kvart kull. Sånt hi æ ajller opplevd før eller sea. Og hu hyra heile hausten. I 30 va e gover!»

TE AMERIKA

«De va vel mang som for te Amerika hen ifrå og?»
«De va eitt tak de va voldeleg mang. Når æ va ongdommen, så va e da mæsta dæm for te Amerika. Tri tå brørom min hi verri der. Og ein vart nu buan der.»
«Va di mang søskjen?»
«Vi va ti.»
«De ha vel ijtt nå my underholdning di som va ong den tia venteleg? Di ha vel nå festa og dans?»
«Ja, de va da de ja. Vi ha nu ijtt nå my å fårrå å «sæggel» med da. De va ijtt nå pæng da, sju. De va ijtt som nu ijtt. De va ijtt så feitt me dag¬pængom da æ va ong. Føsst æ bynt å pløy så ha æ i gammeldags ort ferr dan. (80 øre). De e lite val ti pængom nu.

FEMTI ØRE

(Hajnn Ole skjøt inn: «Ka de kosta å ta me sæ veikja på fest?») Severin ler, og sjøl kånnå sei: «De va vel femti øre de.»
Til slutt spør eg: «Kerr du e fødd hen?»
«De va i Byna. Vi fløtt åt Blokkon da æ va tri år. Æ kjem vel i haug at æ fekk bårrå kaffekjeln.»
Ja, han Severin er merkeleg kvikk til å mangle 9 månader på hundre år. Litt dauv er han, men grei å få kontakt med. Eg la merke til at han ikkje var det minste skjelvhendt da han handterte kaffekoppen! Etter eit langt liv i tungt arbeid!
Han er som han sjølv sa om bjørnen oppi Lierne: ein kjempe!

Severin Helmo. Bildet er hentet fra Helgådalens Bildearkiv. Klikk her for å komme direkte til bildet.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *