Internt referansenummer: 02.02.2022 – B
Kilde: «Slik var hverdagen»
Arbeidsfolk forteller frå husmannskår, anleggstid og kriseår.
Redigert av: Hallgrim Høydal, Kari Moen og Jostein Nerbøvik
Notodden historielag
NKS-Forlaget
Oslo 1988
ISBN 82-508-0499-6

Forteljar av denne historien er Sigurd Olsen

I julin va dæ øl å dram

Dæ va ikkje stort å tåkå seg te i Omersdal. Ongdomen samla seg såmmårstid ute på ein plass fe å danse. I julin va dæ øl å dram — øl bryggja dei sjølve, men dæ blei send ette ein ankar som tok førti liter mæ brennevin. Dei slog seg ilag, å når brennevinet kom, va dæ te å deile ut. Eg ha vori mæ på den deilinga. — Når dæ va dans i ei storstugo, va dæ aller mat å få. Ingen tok mæ seg slikt hell, men me fekk kaffi å tertur. Dæ va sjelden slagsmål, men dæ råka, — helst på aksionar (auksjonar) å i jestebod. Dæ va mange sterke karar, å folk erta dei upp. Så tok dei ryggtak, å så konna dæ bli slagsmål.

Dæ kom mange gode spelemenn te Omersdal, å dæ va nokka dær som va gode au. Eg va ikkje store karen på den tia Aslak Kleiven, bestefar te Ola Bergland, levde. Men eg hørde Svein Løndal frå Tuddal å Lars Fykerud! Dæ va skikk mæ felespel å dans ette gravøl, å slikt va ikkje fint fe dæ råka at dæ blei slagsmål.

Eg trur ikkje dæ va nokkon som ha avis i Omersdal. Nytt fekk ein gjønnå kramkarar som fôr mæ bøkar å ana småtri. Om såmmårn kom einkvan Varden uppivi, men dæ va sjelden eg såg ei avis.

Ei mengd mæ tatrar fôr forbi dær me budde når dei sku over te Rauland. Dei rekte omkring å tagg, men me va ikkje redde dei. Slikt som trolleri gjorde dei aller, men når dei fekk litt mat, va dei så glade. — Eg hugsar at dæ ein gong kom inn ein kar mæ trekkspel å sette seg te å spela. Da blei eg redd, slikt ha eg aller hørt før. Han saug inn luft i bælgen, dæ va liksom nokko som pusta, å så blei eg redd.

Omkring Sankte-Hans kom dæ store driftir uppivi. Dæ va folk frå Bø som sku te stulan ved Møsvatnet. Dei ha stular å beiterettar langs mæ Møsvatnet, å når dei kom, deila dei seg — nokka tok østre veg, andre vestre. Dei som ha hest, fekk klovning, å dæ va ei lita fortenest dæ óg. Eg va ikkje gamle karen da eg ha mi fyste føring.

Eg førde kløva te Møsvatnet. Dæ va ein heil dag dit. Neste dag bar dæ attende mæ ei kløv smær å prim, ost å kabrettflaskur. Når eg kom te ein gåmål plass i Skulddalen, like ved Sudbø, va dæ ein gvileplass som hette Kvangrø. Dær va dæ sett upp to stokkar i bakken, å den hesten som va van mæ turen, gjekk ratt bort å stelde seg ved ein stokk. Stokken sku ein bruke når ein tok ta kløva — ein måtte stø upp ei kløv mens ein tok tå den andre. Når så hesten ha gvild godt, rusla han bort te stokken att å venta. Når eg ha steld på kløva, gjekk dæ mot Amot dær kjørevegen bynja. Dæ va ein slitsom tur fe folk å dyr, men som sagt, dæ va ein liten fortenest mæ ei føring. Om høsten møtte folk upp ved Amot. Mange ville ha kjøring tå ein føring te Seljord.

 

Om forteljaren Sigurd Olsen

Sigurd Olsen heiter denne forteljaren. Han blei fødd i 1867 i Åmotsdal, ei bygd i Seljord kommune. Intervjuet er gjort i 1956 på Notodden, der Sigurd Olsen slo seg ned etter å ha vore innom ulike arbeidsplassar. Me høyrer om gjeting, onnearbeid, føring og Amerikaferder, «eksisen», åra på Skrivargarden i Sauland og hjå gammallensmannen på Mosebø. Til sist vart det arbeid på Salpeterfabrikken og i Misjonshuset.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *