Internt referansenummer: 09.02.2022 – BOK
Kilde:
Gamle Hallingdal
Hefte nr. 3 – 1985
Samlet inn av: Paul Breiehagen
Redaktør: Sigbjørn Tormodsgard
Hallingprent Forlag A.S
1985
https://www.hallingdolen.no/

Bilen kjem til Hemsedal

Ingen veit vel kor tid den første bilen kom skranglande oppover Hallingdal, men det må ha våre rundt 1910.

I «Flatenboka» om Hemsedal står det at i 1911-1912 og 1913 var det bilrute gjennom Hemsedal, mellom Maristova og Gol stasjon. Det er den tidlegaste datering me har kome over når det gjeld biltrafikk i Hallingdal.

Eit storhende, som det enno er snakk om, var då Kong Haakon hadde sin første tur med bil gjennom dalen, i august 1913. Den 10. august for følgjet forbi kyrkja i Hemsedal, like etter messa, og alt folket venta til dei var reist forbi. Forutan Kongen var dronning Maud og kronprins Olav med.

Når det gjeld rutebiltrafikk, har den lang tradisjon i Hemsedal. Sørbygden Handelslag var først ute med ein kombinert laste- og rutebil i 1920. Det skal ha vore den første bilen i bygda. 0.H.Løken var sjåfør i mange år, og på biletet er det han som sit ved bilrattet. Bilen er ein Federal med kompakte hjul. Det kunne nok røyne hardt på å sitja på så hardt underlag, men biletet syner at bilen har åtte passasjerar.

Me les i bygdebøkene at mange var skeptiske til denne slags køyredoningen som kom fort, dura fælt og skræmde hestane. Problemet vart tatt opp i kommunestyra, og det var ikkje enkelt å a konsesjon for slik trafikk. Men i Hemsedal ser dei ut til å ha vore tidleg ute.

Etter denne første hardhjulingen fekk handelslaga i bygda fleire bilar og andre kjøpte til privat bruk.

11937 vart Hemsedalbilene A/S skipa. Det var handelslaga i bygda som gjekk saman om dette tiltaket. Nokre private var også med, og seinare kom Hemsedal Meieri inn. Selskapet fekk tak i tomt i Trøim sentrum og bygde verkstad, som stod ferdig til bruk i 1940. O. H. Løken var disponent det første året. Seinare har fleire dyktige menn stått i leiinga for selskapet, eit tiltak som har vakse seg stadig større.

I1984 vart ein moderne serviceverkstad tatt i bruk, eit anlegg som kosta omkring 4 millionar kroner. I dag har Hemsedalbilene A/S 10 bussar, sju lastebilar og tre tankbilar. Her er sysselsett 18 personar og omsetnaden er ca. 13 millionar i året.

Hemsedalbilene A/S er eit førdeøme på korleis ei bygdabedrift kan vekse på grunnlag av nøktern og praktisk samvirke.

H.d. 26. oktober 1985.

Bilen kjem til Hemsedal. Fotograf ukjent.

 

Mer informasjon om heftet «Gamle Hallingdal»

Serien «Gamle Hallingdal» går no i Hallingdølen på sjuande året.

Både i 1983 og i 1984 gav me ut ein del av bileta med forkorta tekst i bokform. Og her er me med tredje utgåva.

Det er journalist Paul Breiehagen som har hovudansvaret for «Gamle Hallingdal» både i avisa og denne boka. På dette stoffområdet er Paul Breiehagen utan tvil «rett mann på rett stad». Få kjenner bygdesoga for Hallingdal betre enn han, i tillegg har han hatt bygdebøkene å stø seg til og ein del av stoffet har han fått fram gjennom samtaler med kjentfolk (til dei ymse bileta).

Det er vår von at me med desse hefta er med og reddar verdifull informasjon for ettertida.

Ål 20. oktober 1985.
Sigbjørn Tormodsgard

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.