Internt referansenummer:B-000023
Kilde:
Segn og tru – Folkeminne frå Møre
Samla av Martin Bjørndal
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 64
OSLO 1949
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å lese en kort biografi om Martin Bjørndal.

Å be tel Buste (Bostad)

Ein gamal skikk som vart brukt når nygifte skulde setje bu.

Det hev ikkje alle tider vore slike gode sosiale tilhøve som det er i våre dagar, endå det er mange som klagar over tilhøva som dei er no og.

Når nygifte folk no skal setje bu, so er det ikkje noko billeg affære just. Alt skal no vere nytt og etter siste mote og fyrsteklasses, både bruksting og klede, slik at brudgommen, som er den som oftast no må skaffe pengane til alt utstyret, må ha samla dei gjenom mange år. Og hev han ikkje det, vert han nøydd å ta iallfall det meste og dyraste på avbetaling og so lite på god forteneste i åra frametter. Slik fekk dei nok ikkje gjere det i gamle dagar dei som fór med å gifte seg. Me hev meldingar frå 17., 18. og 19. hundreåret um korleis mange nygifte, serleg av dei som minst hadde av jordisk gods, då måtte ordne seg for å kunne setje bu.

For dei som var av rikt folk, var saka grei. Foreldra sytte i slike høve for at dei nygifte vart utstyrde på sømeleg måte etter dei krav som tid, stand og stilling sette. Men for fatigfolk var det verre. Bruda sytte nok for å ha iallfall noko klede, serleg sengklede og anna kledeutstyr til sams bruk, liksom ho til vanleg var vel utstyrt med egne gangkler av ymse slag. Ho hadde i dei aller fleste høve vore i teneste frå konfirmasjonsalderen og utefter til tredveårsalderen som etter den tids syn var den laglege giftealder. Og ho hadde fått si meste løn i ull, lin og strø som ho fekk tid og høve til å spinne og veve til ymse slags kler, medan ho var i tenesta. — Og brudgommen sytte gjerne for ymse slags innbu som stolar, krakkar, bord, seng og koppar og kar av ymse slag og til ymse bruk, alt av tre, og heimegjort i lange kveldsseter.

Men det skulde meir til eit nyskipa bu enn klede og innbu. Det trongst m. a. óg mat til ein kunne leve av eiga avling; for det var få i dei dagar, um det i det heile var nokon, som sette bu utan å ha eigen gard, kjøpt eller helst byksla, eller iallfall ein husmannsplass.

Sette ein bu um våren, som var det vanlege um ikkje noko anna kom på, so trongst det ikkje berre mat til ein nådde avlinga um hausten, men dei nygifte trong óg såkorn, og såkorn var kanskje viktigare enn maten utover sumaren; for det heter frå den tid at «seig er sumars daude». Og pengar til å kjøpe såkorn og mat for, det hadde ikkje folk flest i dei dagar noko større av. For å skaffe seg det som soleis trongst, kom det difor upp ein skikk som når det leid på, vart ein uskikk, nemleg den skikken som vart kalla å «be i buste».

Denne skikken vart i dei åra som er nemnde ovanfor, brukt over heile Vestlandet og visstnok óg på Austlandet og i Trøndelag. På Austlandet vart skikken til vanleg kalla «å munke», vanleg avdi folk der frå den katolske tida var vane med at munkane soleis drog ikring og bad um gåver.

Det var helst brudgommen som var «bustemann» som slike vert kalla. Bustemannen gjekk ikring i bygda frå gard til gard, og hadde som oftast ein kvit sekk eller ei hit på ryggen som han samla det kornet i som folk gav han, og folk var gjerne rauste i slike høve. Bustemannen skulde ikkje gå inn i hus, og mat skulde han heller ikkje ta imot av nokon. Men drikke kunde dei bere ut til han, helst øl. Då han ikkje fekk mat frå han gjekk ut um morgonen til han kom heim att um kvelden, kunde bustemannen ofte verte bra svolten, men so var han då oftast på ein snurr heilie dagen av all den gode drikken han hadde fått.

På denne måten fekk dei nygifte «låne» det korn dei trengde tå både såkorn og mat ut over sumaren. Tanken var sjølvsagt at ogso denne mannen skulde vere villig til å gje til andre «bustemenn» som seinare gjekk «buste¬gang», og soleis vere til hjelp for andre som skulde setje bu; for kornet var livberging i dei dagar kanskje meir enn no. Kornet vart difor jamt kalla «Gudslånet».

Ofte var óg den unge kona med under «bustegangen». Ho bar gjerne ein løp, ei tine eller ein dalt’ til å forvare ymse ting i som folk gav henne. Gjerne hadde ho óg eit kvitt plagg med som ho knytte sakene i. Den kvite bylten lyste langan leid, og bar bod um kva ærend dei fór i.

På denne måten fekk dei nygifte god hjelp til å skipe den nye heimen, og det var etter den tids tilhøve ein ikkje so galen skikk. Grannar og kjenningar hjelpte ein over ein vanskeleg tidbolk, og alle var veltente med skikken.

Seinare utarta denne skikken so det vart ei bygdeplage med alle desse som gjekk «bustegang», ikkje berre frå eiga bygd, men frå framande bygder óg. Stundom var det endå til rike folk som fór rundt med sekken.

Her i Ulstein var skikken brukt like til 1850. Dette er å sjå av heradstyret si møtebok. I heradstyremøtet den 2. november 1850, har heradstyret handsama eit skriv um å «be til buste». Det heiter der:

«Refereredes en idag til Formandskabet indkommet skrivelse fra representanten Nils Sundgot angående den i disse bygder gjengse Uskik at bede til Bosted eller Buskab, hvilken skrivelse enstemmig blev besluttet at henlegge for at foretages i et senere Møde.»

Eg har granska vedkomande møtebok, men har ikkje funne at denne saka har vore «foretaget» i noko seinare møte. Truleg har ordføraren, soknepresten Wråmann privat teke seg av saka, kanskje frå preikestolen i sine kyrkjer. Og det kan vere von til den folkekjære presten på den måten fekk skikken avskipa. — Visst er det at etter 1850 åra kom skikken burt i Ulstein. Frå andre stader på Vestlandet har vi melding um at skikken med bustegang var i bruk denne tida, soleds på Jæren og rundt Bergen og ymse andre stader.

Øvrigheita tok seg alt tidleg av skikken, då den tok til å utarte til ein uskikk. Soleis forbaud amtmann Solgård bustegang på Sunnmøre alt i 1730, men den var likevel vanleg lenge etter hans tid.

I staden for skikken med bustegang, kom so skikken med skålegåver. Skålegåvene skulde óg vere til hjelp for den nye og unge huslyden i den fyrste vanskelege tida. Skålegåvene kunde i den fyrste tida vere pengar, kryter eller andre varer som dei unge kunde trenge. Seinare vart det vanleg berre med pengar. Tanken med desse var óg at dei skulde vere berre lån. Brudeparet som fekk gåvene heldt regnskap med kva dei fekk og kven dei fekk det av; for når born av folk som «gav atti skåla», eller den ungdomen som var i brudlaupet og gav skålegåver, seinare skulde halde brudlaup sjølve, so skulde den som før hadde fått skålegåver ha plikt på seg til å «gje atti skåla» til desse. — Det kunde ofte vere dyr hjelp dette. Eg har iallfall høyrt ein mann som hadde hatt «skålbrudlaup», seie at skålegåvene som han fekk, var dei dyraste lån han hadde hatt.

Ved H. B. Osnes. Ulsteinsvik, 1939.

 

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *