Kilde:
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER 120
Norsk Folkeminnelag
I kommisjon hjå H.Aschehoug & Co. (W. Nygaard) a/s
Oslo 1978

Jens Haukdal
FRAMFOR STENA
Folkeminne
Frå Gauldalsbygdene II
Med spesialtillatelse fra slektninger

Å få kyrne til å gå heimatt

Å få kyrne til å gå heimatt har mange gonger vore noko av eit problem. Det har serleg vore vanskar i fjellbeitet.

I Rørosdistriktet hadde dei mange hjelparar i gammal tid. Ein kan nemna noen av dei mest kjende: Ola Gropen, Marit Kant, Rosback-Marja, Rosback-Per og Petnilla Harsjøen.

Petnilla Harsjøen gav denne råda til budeiene:

Dei skulle ta noko flatbrød i ein tvpose og strø salt på det. Dette skulle dei så leggja opp i høgre armhola og liggja slik med det ej torsdagsnatt. Innpå bare kroppen måtte det, elles fekk det inga makt. Brødet og saltet skulle så dyra få eta. Alle dyra måtte ha ein smak. Ei mealders kone fortel at ho ofte har bruka denne råda etter Petnilla, og ho har aldri svikta. Sjøl i seinare år har ho sett at råda har verka.

Det æ inte berre å flire åt alt det gamle.

Vondt folk

Ei anna kone fortel at mor hennar gjekk til Petnilla Harsjøen og bad om råd. Da ho kom til Petnilla sa ho:

–    ”Her har vonde folk vore ute, og døm æ itte langt unna. Døm bli mjølka og kyrne dine,” sa ho.

Kona skulle gå med kyrne sine ein dag. Da ville ho få sjå kvar kyrne heldt til. Ho fekk med noko medisin som kyrne skulle få neste kveld.

Dagen etter gav ho seg med kyrne og dei rekte strakje vegen til eit fjøs i grannelaget. Der var det lagt ut salt til dei og dei gav seg til å vera runde dette fjøset.
Folk såg ho ikkje, men kyrne gjorde ikkje mine til å gå på heimveg.

Til slutt gjekk kona fram og jaga kyrne med seg.

Da ho fekk kyrne inn i fjøset, gav ho dei medisinen. Heile buskapen bles i nasane, riste i banda og skalv i båsane.

Hard trolldom treng hard kur, hadde Petnilla sagt. Og seinare gjekk kyrne heimatt.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *