Internt referansenummer:B-000020
Kilde:
GAMLETIDI TALER
GAMAL VALDRES-KULTUR I
Av: Knut Hermundstad
NORSK FOLKEMINNELAG
OSLO 1936
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å les om Knut Hermundstad

 

Å fala krøteri…

(«Skogin» fortel)

Umlag ein kilometer sør for Leira i Nord-Aurdal ligg den gamle kapteinsgarden Skavelden. Her er det gamal sogegrunn. Nede ved kongsvegen stod Systertelladn. Det var tre furor som — etter segni — skal vera planta av heilag Olav då han for gjenom Valdres på kristningsferd. Berre den eine står no att med nokre sprikjande, halvturre greiner.

I nyare tid — i all fall frå 1814-1878 — var Skaveldadn kapteinsgard. Og rett ein storgard var det. Den tid høyrde ei 10-12 husmannsplassar til garden. Ein av desse heitte Skogen, og her vart «Skogin» fødd 27. juni 1847.

Etter å ha besøkt han og snakka med han om «gamletidi», sette eg meg trast te skrive upp det meste av sogone. Her er ei av dei:

Å fala krøteri…

Mange var redde for at nokon fala krøteri sine. Å fala eit krøter er å beda um å få kjøpt det, by på det, utan at det er falt. Krøteri skulde ikkje trivast so godt som før når nokon hadde fala dei.

Nerstad’n hadde ein stor, kvit hund, som han kalla Skjøn-haus. Og Knut i Kølhusbrøta hadde ei kyr som han var redd for som for auga sitt.

Når han Knut i Kølhusbrøta kom te Nerstad, sa Nerstad’n: «Går du ette di du vil byte tå me Skjønhaus uti Venekøll, no?» sa’n.

Då vart alltid han Knut snurten, og ein gong svara han:

«De e te di du kann suge ho Venekøll bak, du! De e kji verdt du fala ho stødt! Ho kann utelasta før me!»

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *