Internt referansenummer:B-000020
Kilde:
GAMLETIDI TALER
GAMAL VALDRES-KULTUR I
Av: Knut Hermundstad
NORSK FOLKEMINNELAG
OSLO 1936
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å lese om, og se bilde av Anne Torsteinsdotter Hermundstad

Å gjera nokon glad i seg

Anne Torsteinsdotter Hermundstad fortel


Ein ungdom, gut eller gjente, kunde få ein te bli glad i seg. Dei skulde då ta ei nål som ikkje var brukt, og stikke seg i fingen so ein blødde. So skulde ein stikke nåli i klædi på den ein vilde ha.

Det var ogso ein annan måte å gjera ein glad i seg på. Ein skulde gjera ein stor ring på eit papir. So skulde ein skrive namnet sitt eige og namnet åt den ein vilde ha, i ringen. Attåt desse namni laut ein so skrive:

«So gødt ska våre hjarto bindast samen so djevelen bitt samen hjarto åt trøllkvinno!»

Eg såg ein gong eit slikt papir, eg. Men det var no ein stussleg måte å koma saman på! Eg hadde aldri vilja funne på noko slikt, det hadde no før fått vore med giftingi!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *