Internt referansenummer: 01.10.2011 – BOK
Kilde:
DAGAR OG ÅR – SEGNER FRÅ SALTEN
Ragnvald Mo
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER NR. 37
OSLO (NORSK FOLKEMINNELAG) 1936
Klikk her for å lese ”fyreordet”.

 

Å gjera ugagn med altarbrødet…

Ny børse kom til å bli skotsikker um ein sette fyrste skotet i eit altarbrød. Dessutan åtte altarbrødet kraft i seg til å lækja ymse sjukdomar (Saltdal).

Men dei for og bruka det til anna òg, til slikt som ikkje bringa godt. Det var tilfellet med trollkjerringane. Når dei gjekk til altars, spytta dei brødet og vinen i lommetørkle; og dette nytta dei so sidan til å gjera ugagn med (Saltdal—Beiarn).

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *