Internt referansenummer:B-000017
Kilde:
BONDELIV – SAMRØDOR OG SONG ETTER RANGDI MOEN
GAMAL VALDRES-KULTUR II
Av: Knut Hermundstad
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 45
1940
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å se bilde av Ragndi Moen
Klikk her for å lese om ”Forfattarens fyrste møte med Ragndi Nilsdotter Moen.”

Å koke potoske


Oska tok dei vel vare på i gamal tid. Det vart kokt potoske av henne. Når bøndene gjorde Branes- og byferdene sine, tok dei ofte med seg eit lass potoske te Hadelands glasverk. Dei køyrde so same vegen.

Å koke potoske er eit arbeid som det no er reint slutt med. Men jamen kom det mang ein skilling inn i heimane med dette!

Når dei hadde fått drege seg saman ein slump oske, bar det te koke potoske, um dei då ikkje selde oska te ein uppkjøpar. Dei laut då ha ein stor butt eller stette med ture og tapp i nede ved loggi. So laga dei røste under, undegjerd, mest som når dei skulde te bryggje øl. På botnen i stetta la dei eit lag med småe, kløyvde tre av gran i kross. Over det att la dei eit lag rughalm . Bak turen la dei tett med briskebuskor so ikkje turen skulde tette seg. So tamde dei på oska. Over denne slo dei kokt vatn, so vatnet stod godt over oska. Når no vatnet tok te klårne, opna dei litt på tappen, so det tok te sirre og renne litt. Det var um å gjera å få makta ned oska, få laga ho ned. Difor auste dei på nytt vatn etter kvart det rann or, so det aldri vart turt ovanpå oska. Når dei skjønte at dei hadde fått makti or oska, slutta dei med lagingi.

Etterkvart det rann ut lut, auste dei ho upp i ei gryte som stod og kokte. Luti kokte dei no åt te det vart som ein linn velling av henne. Dette var potoska. Denne fyllte dei no i sildetre og køyrde ho ved fyrste høvet utover te glasverket på Haland. Andres på Krøssjordhauge o. fl. dreiv mykje med dette arbeidet.

Askrelen som vart att i stetta, breidde dei på marki, helst på myr. Det vart so usverteleg for etter han.

Dei som dreiv potoskekoking i stort, kjøpte oska på gardane og plassane for ein skilling settungen.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *