Internt referansenummer: 01.10.2010-A

Kilde:
GJØMT, MEN IKKJE GLEMT- DET HENDE I EI TRØNDERBYGD
Av:
Sturla Brørs
Utgjeve og prenta av:
Rune Forlag, Trondheim 1980
ISBN 523-0230-0

Å koma på tullet…

Å koma på tullet.

Det kan snu seg for ein når ein går i fjellet, ein kan bli som fortrolla. Ja, det er da vel i fjellet trolla som fortrollar bur? Soga her knyter seg til landskapet ved Finnvollvatnet:

Det var to kjerringar som var på setra her, og ei helg fekk dei kallane sine på gjesting. Utpå føremiddagen gjekk dei til skogs og skulle plukke bær, kallane på sin kant, kjerringane på sin. Det leid langt på dag, da kom dei to kjerringane inn i ei fiskarbu ute ved vatnet — det var eit par fiskarar der — ungdommar — kjerringane hadde tulla seg bort, dei skjøna ikkje kor i all verda setra var. Ein av fiskarane var med dei bort til stien som gjekk langs vatnet, og så gjekk han attende åt hytta. Men ein times tid seinare kom kjerringane andre gongen: umuleg, dei fann ikkje heim! Ungdommane såg på kvarandre. — Jaja, sa den eine til den andre. — Eg skal i alle fall sørgje for at dei ikkje kjem bort! Og så tok han båten og rodde dei inn over vatnet. Og sette dei i land. — No er det berre de går der, sa lian og peika. — De ser taket på setra der. Kjerringane takka og gjekk.

I millomtida hadde kallane kome på setra, men der var ingen kvinnfolk. Dei venta ei stund, så gav dei seg til å rope. Og — langt om lenge — så svara det og — frå ein holme i vatnet rett utanfor setra. Korleis i all verda hadde kjerringane kome dit? Dei kunne da ikkje symje? — Dei måtte hentast med båt.

Men han hadde halde ord, han ungdommen. Dei kunne ikkje tulle seg bort frå ein holme!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *