Internt referansenummer:B-000020
Kilde:
GAMLETIDI TALER
GAMAL VALDRES-KULTUR I
Av: Knut Hermundstad
NORSK FOLKEMINNELAG
OSLO 1936
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å lese om, og se bilde av Anne Torsteinsdotter Hermundstad

Å seia ut ormen

Anne Torsteinsdotter Hermundstad fortel


«Dei gamle meinte visst at ormen hadde ei fæl makt,» smette eg inn, skal freiste få ho te fortelja meir.
Ormen fylgde det alltid ei falske med, held Anne fram. Uppi Bergo her var det so mykje orm i gamle dagar. Ormane var so djerve, at dei krabba ofte like ned i matskreppa åt bergafolket, og ringa seg i hop der dei hadde maten sin. Då tok han far og ein tenestgut han hadde, seg føre å fara i kring Berge og seia ut og slå i hel all orm dei kom over. Når ormane krabba inn i urdene eller kjørrene, sa dei berre:

”Kom atte, din djevel !

Når so var sagt, laut dei koma framatt, og so drap dei ned for fot. Frå den tidi var ormane burte mange år; men no trur eg dei er komne att.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *