Internt referansenummer:B-000020
Kilde:
GAMLETIDI TALER
GAMAL VALDRES-KULTUR I
Av: Knut Hermundstad
NORSK FOLKEMINNELAG
OSLO 1936
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å lese om, og se bilde av Anne Torsteinsdotter Hermundstad

Å setja laust liv på folk

Anne Torsteinsdotter Hermundstad fortel


Hadde ein bein frå kyrkjegarden, kunde ein setja laust liv på folk, sa dei gamle. Det gjekk soleis te:

Ein skulde ta eit bein som det var hol i, frå kyrkjegarden. So tok ein noko lort etter den ein vilde gjera fortræ. No gjekk ein med dette burt i ein bekk. Beinet la ein ned i bekken, og lorten la ein uppå holet, so vatnet førde han i gjenom. Te sterkare bekken rann, te sterkare skulde den dei vilde vondt, faa magasjuke. Dette fortalde han far.

Når dei vilde ha tak i bein tå kyrkjegarden, kunde dei ikkje ta dei utan vidare. Dei laut spyrja um å få lånt dei. Og so laut dei fortelja kva dei skulde brukast te.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *