Internt referansenummer: 07.08.2013 – BOK
Kilde:
Fotefar frå folk føre
AV SAMUEL GYSLAND
Med teinkingar av ODD R. JØRGENSEN
Kvina Trykk, 4480 KVINESDAL
1992
Klikk her for å lesa ”Føreordet”
Klikk her for å høyra Samuel Gysland fortelja om boka «Fotefar frå folk føre»
Lydfilane er henta frå Radio Lyngdal

 

Å sjekke damer i Kristiansand

 

Å sjekke damer i Kristiansand kan vere vrient nok i fredstid, sjølv om det er midt på lyse dagen. Då kan kvar og ein tenke seg inn i situasjonen når det skulle føregå under krigen då gatene var bekmørke, og flyallarmen ylte og kvein rett som det var.

Nå må ingen tru at eg var ute på damesjekking etter moderne oppskrift, men likevel var det alvorlig nok, og nå skal du høyre:

Det måtte vere i eitt av dei siste krigsåra, for jernbanen var ferdig slik at ein kunne reise frå Snartemo til Kristiansand i ein vending — Nei, eg lyg nok litt nå. Turen måtte tas i to etappar. Når det var så langt, trongst det reiseløyve frå politiet. Det kunne også ordnast ved å kjøpe billett bare til Marnardal, hoppe av toget der og skunde seg inn på stasjonen og få billett for resten av turen. Aldri høyrde ein at noken blei hekta.

Nei, dette har vel for så vidt lite med saka å gjere, men eg skulle altså til Kristiansand, og på toget fekk eg følgje med ein mann i 50 åra. Han var sauebonde. Då er det aldri vanskelig å finne samtaleemne. Bare tenk på historien om presten og sauebonden som reiste i lag og samtala om mangt og mykje. Sauebonden førte ordet mest heile tida, og visste ikkje at presten var prest. Då endelig presten kom til ords, fortalde han at også han hadde mange får i sin hjord — nær innpå 2000. Det imponerte reisekameraten. Han grua seg likevel for arbeidet det ville føre med seg i lam-metida.

Slike problem tumla ikkje eg og reisekameraten med, men det skulle likevel syne seg at vi også fekk vårt å stri med — seinare.

Vi skulle begge overnatte i byen, og fann då ut at det var enkelt og greitt å få oss eit rom saman. I Vestre Strandgate var der eit kontor som bar namnet «Agder ekspress». Dei disponerte utleiegerom hos private.Dit gjekk vi og fekk tilvist eit eller anna husnummer i ei eller anna gate i Kvadraturen. Så var det bare å ta med seg lappen med tilvisinga. Men dette var slett ikkje BARE, nei. Blendinga var så effektiv at ein måtte omtrent trivle seg fram i gatene når det var mørkt. Og mørkt var det i dette tilfellet. Litt lokalkjende var vi jo, og fann fram til ein rimelig bra kurs, trudde vi. Likevel kom tida då vi ikkje kunne kome lenger for eige kompass.

Heldigvis var der ein og annan gatevandrar som klapra avstad på tre-bunnskoa. Når det var såpass mørkt, måtte ein lite like mykje på høyrsla som på synet. Hysj: Der kom ei dame klaprande og trippande forbi. Kompisen min, som var eldre og meir erfaren, skulle prøve å få kontakt.

Han skaut hjarta opp i halsen, og våga på då ho var på passelig avstand: «Unnsjyll Maddam», sa han. Meir fekk han heller aldri sagt, i alle fall ikkje til den dama. Einaste resultatet av den misslykka sjekkinga var at det høyrdest ut som «Maddammen» skifta gir, for ho tok med ein gong til å klapre i ei mykje raskare takt, og før vi fekk sukk for oss, forsvant ho som eit olja lyn.

Der stod vi, og like langt, eller rettare sagt — like kort var vi komne. Nå måtte noke drastisk gjerast om vi skulle få hus for natta, for det var seint på kvelden.

Vi tok ein råsjanse, og bestemte at neste gong skulle eg prøve lykka. Det verka som det var mest bare damer ute og vandra i gatene denne kvelden. Der kom neste: Nå var det eg som skaut hjarta opp i halsen. Eg var nok ikkje så profesjonell som kompisen min når det galdt høflig tiltale. Rettere sagt, så sløyfa eg alle formalitetar og busa på omtrent slik: ”Kan du sei okke kor Rådhusgadå åtåtrædeve æ?” Merkelig nok, så verka det godt. Dama stoppa opp, og vi fekk grei forklaring. Nokså nær målet var vi og. Vi fekk eit greitt rom, sov bra og åt av nista både om kvelden og morgonen etter. Butikkane var nokså snaue for varer, men litt var det då likevel å få kjøpt før det var tid til å løyse billett til Marnardal.

Så var det same historien, men i omvendt rekkefølgje. Etter tre fire sauehistorier var toget kome til Snartemo pånytt. Då kunne ein godt bruke den klassiske stilavslutninga: «Og alle var samde om at det hadde vore ein morosam tur.»

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *