Internt referansenummer:B-000017
Kilde:
BONDELIV – SAMRØDOR OG SONG ETTER RANGDI MOEN
GAMAL VALDRES-KULTUR II
Av: Knut Hermundstad
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 45
1940
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å se bilde av Ragndi Moen
Klikk her for å lese om ”Forfattarens fyrste møte med Ragndi Nilsdotter Moen.”

Å springe etter varme


Å springe etter varme har du vel høyrt gjete? Eg har nok ofte vore med på det, eg, då eg var ei liti smågjente.

Me hadde ikkje annan måte å få te varme på enn å slå varme med eldjarn og flintestein. Og so brukte me knusk te å nøre varmen i. Det var kåtor tå bjerker dei brukte te knusk. Dei skar dei i fine skivor og turka dei, Dette kalla dei då knusk eller knosk. Men det var mang ein gong vrialt å få knusken te fata. Difor freista me å halde varmen ved lag året rundt. Men stundom vart varmen burte. Då var det best å «låne» varme hjå næraste grannen. Me fekk då nokre glør på ei helle. So vrei me i hop ei linfille og la uppå. Og so la me på sprang alt me kunde. Glørne gleste då te under linfilla. Dette var å springe etter varme. Endå er det eit ordtak når nokon er inne ein stad og er svart annsam: ”Du spring vel kje etter varme!”

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *