Internt referansenummer:B-000020
Kilde:
GAMLETIDI TALER
GAMAL VALDRES-KULTUR I
Av: Knut Hermundstad
NORSK FOLKEMINNELAG
OSLO 1936
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å lese om, og se bilde av Anne Torsteinsdotter Hermundstad

Å stemne motlag med ormen

Anne Torsteinsdotter Hermundstad fortel


«Ormen hadde dei gamle mange underlege truer um,» seier eg.

Ja, du seier noko!

Det var ei kjerring på Høle. Eg trur ho heitte Synnøv, og ho var komi nordante. So var det ein dag ho var i utmarki og skar gras. Der råkte ho inn på ein forleggjandel stor orm, som krak burt for henne, då ho vilde te slå han. Men med det same han rann burt, ropte ho:

«Møt me i morgo på sama sta-e kl. 12, sko me kampalt! O so ska du få ha me de ein, o e ha me me ein!»

Dagen etter møtte ho Synnøv fram med mannen sin. Han hadde endå ei øks med seg. Ormen hadde møtt fram han ogso med ein med seg. Og båe ormane var so sinte at dei mest stod på sporen. No tok striden te, og det ein som var hard. Hadde ikkje mannen havt øksi i handi, trudde han ikkje anna enn at ormane hadde rådt på han. Men no fekk han då drepe båe etter eit fælt basketak.

Dette fortalde bo Ragnhild sy garde, kjerringi hans Gøleik (Hermundstad) meg. Ho var komi tå Lunde (grannegarden te Hole), so ho hadde nok greie på det.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *